Den krevjande morskjærleiken
Kirsten Thorups roman er breiddfull av smerte og overraskingar.
Roman
Kirsten Thorup:
Erindring om kjærligheten
Omsett av Bente Klinge
Gyldendal
I starten av lesinga av denne Nordisk råds litteraturpris-vinnande boka trur eg at eg les noko à la Cecilie Engers Mors gaver og Helene Uris Rydde ut, som er personlege romanar sprunge ut etter tap av foreldre. Første del av Erindring om kjærligheten er fortald i førsteperson, og dei skildrande kapittelnamna minner meg om biografisjangeren: «Hvor kommer jeg fra?», «Hvem er jeg?» og «Talte dager». Men det rike språket i teksten er langt ifrå eit typisk memoarspråk, og boka skal vise seg å vere noko heilt anna enn ein sjølvbiografisk sorgroman.
Eit heilt liv
Forteljinga begynner idet hovudpersonen Tara fortel om korleis faren tok vare på alle slags dokument opp gjennom åra, og vidare får vi teikna opp barndomen hennar. Deretter går vi kronologisk framover til vi har nesten heile livet hennar framfor oss.
Først er eg sikker på at boka skal handle mykje om Taras forhold til mor si. Men vi går fort vidare frå morsforelskinga i barndomen, åra på teaterskule og til ho etter kvart får sitt eige barn.
Undervegs får vi mange saltoar av sprø påfunn: forsøk på politisk aktivisme, teateråra der ho alltid får tildelt mannsroller, innlosjering av papirlause, erfaringar som uteliggar, proformaekteskap, fengselsopphald i Jerusalem, prostitusjon og mykje meir. Eg blir stadig overraska. Mange vendingar kjem utan forvarsel, og dette nesten litt sirkusaktige ved handling og figurar minner meg om svenske Lina Wolffs De polyglotte elskerne som òg kom på norsk i år. Det er godt å vere lesaren til Thorup. Det er som å vere på besøk hos ein vert som passar på at gjestane alltid er underhaldne.
Mor og dotter
Boka handlar altså om ganske mykje, alt filtrert gjennom Taras «dårlege nervar», som generasjonen hennar kallar det. Men etter kvart snevrar boka inn til å handle om forholdet til dottera Siri som Tara som åleinemor gav ein nokså turbulent barndom. Det er låkt å lese om dei fåfengde forsøka mora gjer på å nå den etter kvart vaksne dottera, og det er minst like vondt å sjå korleis Siri nådelaust avviser og nærast avskriv henne. Det knyter seg i magen når eg les om møta deira, korleis Tara trør så forsiktig ho berre greier, men likevel klarer å treffe noko hos Siri som får henne til å eksplodere.
Erindring om kjærligheten er ein liten murstein, og eg tar meg i å tenke at det blir litt mykje av det gode, òg frå Siri, som også fortel ein liten del av historia. Begge dveler og gjentek tankane sine, det er mykje indre liv, problem skal løysast ved å sjå dei frå mange sider og iblant blir det nesten litt utmattande. Men særleg Tara treng nok denne plassen for å få fram den psykiske tilstanden og desperasjonen så truverdig som Thorup gjer det her.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg tar meg i å tenke at det blir litt mykje av det gode.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.