JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Det er den draumen

Trude Marsteins nyaste roman er ei påminning om krafta i litteraturen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar og omsetjar Trude Marstein har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.

Foto: Rolf M. Aagaard / Gyldendal

2804
20180810
2804
20180810

Roman

Trude Marstein:

Så mye hadde jeg

Gyldendal

Dei sterkaste romanane er dei som evnar å gjere det private allment. Vi kjem tett på Monika, romanfiguren i Så mye hadde jeg. Trude Marstein skriv ærleg, vondt og morosamt heilt ned til dei minste tinga. Det er så gjenkjenneleg at det blir som å vere til stades med Monika med familie, menn og venar.

Gjennom livet

Monika fortel frå 1973 og heilt fram til i år når ho er 57. Slik blir det ein roman om nesten eit heilt liv, på same solide, fyldige måte som den danske kollegaen hennar, Kirsten Thorup, med Erindring om kjærligheten.

Boka handlar primært om menn og om familie. Og om lengslar knytte til dette, medrekna det å få barn. Arbeid og sjølvrealisering, anna enn ved hjelp av relasjonar, er altså ikkje det viktige i livet til Monika. Relasjonane blir nøye analyserte, både til dei gode venene, den irriterande normale familien og alle dei ulike mennene.

Jakta på ei vending

Med konstant rastløyse spring Monika frå forhold til forhold. «Jeg har hatt ideer om at livet som ordentlig voksen ville ha en større ro, en avklarthet», fortel ho. Etter kvart finn ho nok ut at ein gjerne ikkje forandrar seg så mykje. Med ein gong noko er gale i forholda, eller ho manglar motstand, pakkar ho sakene sine og drar. Men det er ikkje fordi Monika ber på ein draum om noko vedunderleg, men fordi ei endring i seg sjølv er positivt: for henne er det alltid ei trøyst i at livet kan ta ei vending, uansett om det er til det betre eller til det verre.

Dette er likevel ikkje ein roman med dramatiske opp- eller nedturar. Monika dveler verken ved vonde eller ved lukkelege stunder. Men idet det begynner å gå godt for Monika, veit vi at noko snart må gå gale igjen. Ho vinn litt, og så taper ho litt, av og til er det noko ho sjølv har skuld i. Slik er skjebnen hennar.

Sanseleg

Vi blir godt kjende med både hovudpersonen og dei andre romanfigurane, og sjølv om Monika ikkje alltid tar val som er lette å forstå, vil vi at det skal gå bra, at ho skal gjere det betre ved neste sjanse. Så mye hadde jeg er ei forteljing ein blir oppslukt av, rett og slett fordi ho er så behageleg å vere i. Teksten er så sanseleg og levande, nesten maksimalistisk skriven med detaljrikdommen sin. Her frå ein heilt tilfeldig stad i boka, eit like godt døme som på kva som helst anna side: «Jeg legger hånden over hånden hennes for å hindre henne i å åpne matboksen, stryker den lille tommelen.» Eg unner Trude Marstein all suksessen ho får med boka, og reknar med å sjå namnet hennar på nominasjonslistene til dei største prisane framover.

Katrine Judit Urke

Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Så mye hadde jeg er ei forteljing ein blir oppslukt av.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis