Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

For kronologisk om ein sta miljøjævel

Boka om Bellona-grunnleggjaren Frederic Hauge manglar kritisk distanse og analyse i møte med hovudpersonen og hendingane rundt han.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Som talsmann for Natur og Ungdom i 1985 sa Frederic Hauge, ifølgje Scanpix, at dei økonomiske tapa årleg ville vere på nærare 400 milliardar kroner dersom Nordsjøen, slik ein vesttysk rapport ymta om, ville vere biologisk død om 15–20 år.

Foto: Ola Næss / NTB scanpix

4253
20200110
4253
20200110

Biografi

Finn-Ove Hågensen:

Frederic Hauge. En sta jævel

Dreyers Forlag 2019

Sidan Hauge tok til som ung miljøaktivist i 1983, er person- og samfunnsdramaa vovne saman i ei tidvis spektakulær historie. TV 2-journalisten Finn-Ove Hågensen har gjort eit solid arbeid med å dokumentere alt Hauge har vore med på, i boka Frederic Hauge. En sta jævel.

Gjennomgangen er ikkje utan interesse. Vi får vite korleis miljøkampen endra seg etter dei klassiske naturvernslaga i 1970-åra og i overgangen til 1980-åra. Og vi får sjå vegen Hauge har gått. Det byrja med kampen mot utslepp av gruveslam i Jøssingfjorden, ein kamp som varte i mange år. Her dokumenterer boka ein viktig eigenskap ved Hauge. Han er uthaldande, ein sta jævel som har overlevd 13 miljøstatsrådar og 17 olje- og energistatsrådar.

Den unge miljøvernaren skjønte også raskt at sakkunnskap var naudsynt for å gje kritikken tyngd. Han blei etter kvart ein effektiv lobbyist og premissleverandør for politikk og næringsliv. No ser han seg som etter ein industriell aktør med ambisjonar om å løyse miljøproblema.

Vi får innsyn i samarbeidet med gåvmilde sponsorar som har berga Bellona frå konkurs gong på gong. Vi blir også minte om at han var tidleg ute med å snakke om klimaproblem, elbilar og karbonfangst og -lagring. I tillegg får vi ei rad underhaldande historier. Ikkje minst i møte med Russland etter Sovjetunionens fall.

Medievennleg

Hauge og dei andre ungdommane var ikkje dei fyrste som lenka seg fast og var sivilt ulydige. Men dei var effektive og medievennlege aksjonistar. Dei hjelpte lokale krefter med å løfte til dels alvorlege miljøproblem høgare på dagsordenen. Deretter var det samarbeid eller krangling med den sitjande miljøvernministeren. Fekk dei det ikkje som dei ville, okkuperte dei like godt statsrådskontoret.

Fleire av desse aksjonane, til dømes mot Norsk Hydro, som sleppte fleire tonn med kvikksølv ut i sjøen i Grenland, er ei påminning om kor mykje som har blitt betre.

I 1986 braut Hauge og Haaland med fleire ut av Natur og Ungdom og skipa Bellona. I den nye organisasjonen, ei privat stifting, kunne dei sjølve avgjere kor dei skulle aksjonere, og korleis dei skulle gå fram. Noko medlemsdemokrati hefta dei ikkje.

Kronologi er ikkje nok

Eit kronologisk livslaup, sjølv om det er spennande og involverer mykje og mange, er ikkje utan vidare tilstrekkeleg for ein biografi på 500 sider. Ein biograf må ha ein idé om kvifor han eller ho skal fortelje om dette livet. Kva gjer boka relevant og interessant for ålmenta? Kva mønster ser vi når vi går livslaupet etter i saumane? Kva er det vi ikkje veit, som vi vil ha interesse av å få vite? Og kva må drøftast med kritisk distanse?

Det er liten tvil om at Hauge har prega miljøkamp og miljøpolitikk både i Noreg og i utlandet. Det er dette han har brukt livet på, fullt og heilt. Han er eit kraftfelt som har vore flink til å rekruttere dyktige medarbeidarar og få dei til yte meir enn dei trudde dei kunne. Lista over tidlegare tilsette i Bellona som er i sentrale posisjonar i samfunnet, er difor lang.

Samstundes er det fleire av dei som har slutta i Bellona nettopp fordi Frederic Hauge er den som til sjuande og sist tek avgjerder. Sjølv meiner han det er ein fordel at han har all makt – fordi han er så flink, som han sa til Dagens Næringsliv hausten 2018 då heile leiargruppa trekte seg.

Meir analyse

Kanskje er dette mindre dramatisk enn vi trur, men det får vi ikkje vite. Difor lurer eg på kva kontroversane har kosta? Kva gjekk tapt, kva blei vunne? Eg saknar også meir analyse av det Hauge og Bellona har gjort i lys av annan miljøaktivisme og miljøpolitikk i den aktuelle perioden. Kva står igjen? Her kunne forfattaren kanskje ha brukt nokre av dei akademiske oppgåvene som er skrivne om Bellona, for å få eit kritisk perspektiv. Eg saknar også eit betre oversyn over kjelder og litteratur.

Trass i innvendingane: Unge miljøforkjemparar kjem til å bli inspirerte av å lese boka.

Agnar Kaarbø

Agnar Kaarbø er frilansjournalist
og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ein biograf må ha ein idé om kvifor han eller ho skal fortelje om dette livet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis