Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Fri som fangen

Alfred Fidjestøl har skrive ei interessant og tankevekkjande bok om ein uvanleg lagnad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alfred Fidjestøl fekk ideen om å skrive biografien om Julius etter å ha vore i Dyreparken i Kristiansand saman med sønene sine.

Foto: Agnete Brun

3787
20170908
3787
20170908

Biografi

Alfred Fidjestøl:

Nesten menneske. Biografien om Julius

Samlaget

Alfred Fidjestøl har levert ein grundig og interessant biografi om sjimpansen Julius i Dyreparken i Kristiansand, frå tida like før han kom til verda, via mange dramatiske hendingar og heilt fram til notida. Like mykje som Julius sjølv, er merksemda han har fått, eit viktig tema i boka, som for det meste er førebiletleg nøytral i presentasjonen av hendingar og haldningar som stundom kan vera både kontroversielle og kritikkverdige.

prinsipp

Prøva på om ei handling er etisk korrekt, er om ein kan godta henne som ålment prinsipp. Men stundom tykkjest det ein skal ta stilling til, så partikulært at ein ikkje får auge på dei prinsipielle implikasjonane. Då Edvard Moseid tok ein stor sjanse og satsa på sjimpansar i ein norsk dyrehage, fanga han ikkje frie, ville dyr i den varme jungelen og sette dei i bur i kalde Noreg. Men kor som er, var handlinga ein aksept av det prinsippet som seier at det er rett å halda dyr i fangenskap som underhaldning for folk. Pluss-sida ved aktiviteten er sjølvsagt at ein held liv i ein truga art, og at ein får auka kunnskap om arten og såleis kan hjelpa han betre. Slik eg forstår boka til Fidjestøl, har denne auka kunnskapen gjort at ein no har betre metodar til handsaming av sjimpansar enn ein hadde då Julius var ung.

Trekkplaster

Størst lærdom hausta ein truleg av det som er kjernen i noko eg må kalla Julius-kultusen. Julius fekk ikkje naudsynt omsorg av mora, og dei ansvarlege såg ikkje anna råd enn å ta hand om den vesle sjimpansen som var han eit lite menneske. Planen var å attføra han til sjimpansane, men Julius vart påverka av menneskelivet, og av merksemda, som snart vart den største inntektskjelda for Dyreparken. Eit vondt resultat av denne merksemda såg ein, eller kunne ein sjå, då halvbroren til Julius, Billy, vart avliva. Det var konflikt mellom han og Julius; den vanskelegaste av dei to var Julius, som stendig synte seg som ein Houdini mellom sjimpansar, og vart årsak til mange farlege situasjonar i Dyreparken, og endåtil skada folk, men det var Julius som var trekkplasteret, så han fekk leva. Om det finst eit moralsk prinsipp for dette, må det vera noko i retning av bakar for smed.

Etisk debatt

Boka tek opp mange emne, og Fidjestøl går grundig til verks. Utan agitasjon legg forfattaren fram argument til ein etisk debatt som har å gjera med korleis mennesket ser seg sjølv i høve til dyra – eller andre dyr, lyt ein vel seia. Såleis er det ikkje berre ein biografi Fidjestøl har skrive, men eit viktig verk som formidlar fakta til folk. Konklusjonane lyt lesarane finna fram til på eiga hand. Min er at mennesket ikkje er «in apprehension how like a god», men heller kor likt det er eit dyr. Og vice versa: Dyr er også personar. Det er spesielt tydeleg med så intelligente livsformer som dei store apene, men skal vår forståing av kva som er intelligent eller ikkje, avgjera om ein art har individuelle og kollektive rettar som også, eller særleg, mennesket lyt respektera?

Det er ei spennande, god og leseverdig bok Fidjestøl har skrive, og han gjer mykje for å få lesaren til å forstå at dei som har hatt ansvaret for Julius, har gjort alt dei kunne for å gje han eit godt liv. Julius lever no fri for plagsame rivalar, han er trygg og har det fint. Kort sagt er han den mest privilegerte fangen i landet. Men han er framleis ein fange. Eller som det heiter på engelsk: Even if you win the rat-race, you’re still a rat.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fidjestøl gjer mykje for å få lesaren til å forstå at dei som har hatt ansvaret for Julius, har gjort alt dei kunne for å gje han eit godt liv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis