Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Jonas Bals har skrive ei tjukk, viktig bok nummer to om fascisme. Men å skrive objektivt om si eiga tid er ei krevjande øving.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jonas Bals er fagleiar i LO og utdanna målarsvein og historikar. Han har skrive fleire bøker og er dessutan spaltist og bokmeldar.

Foto: Siw Pessar

6007
20241129
6007
20241129

Sakprosa

Jonas Bals:

Kampen fortsetter – mot rasisme og fascisme 1940 til i dag

Res Publica

«[F]ascism is a lie told by bullies», uttalte Ernest Hemingway kort tid etter at han sommaren 1937 var komen attende frå den første av fleire reportasjeturar til det borgarkrigsherja Spania. Hemingway understreka at den einaste måten å stanse ei bølle på var å smadre han, og rekna også med at det ville bli rikeleg med sjansar til å gjere nettopp det i åra som følgde.

Dei resulterande stridane er tema for boka til Jonas Bals, Kampen fortsetter, som tek opp tråden frå fjorårets Våre kamper. At Bals har evna å følgje opp fjorårets murstein med eit endå tjukkare band alt no, er i seg sjølv imponerande. Saman utgjer verket eit på alle måtar vektig bidrag til historieskrivinga om det som forfattaren er ærleg på er det fremste temaet i bøkene, nemleg soga om antifascismen og kampane den antifascistiske rørsla har kjempa mot nettopp fascistane.

Ikkje mykje nytt

Der det førre bandet trekte linjene attende til protofascistiske rørsler på 1800-talet, tek årets band til med det tyske åtaket på Noreg i april 1940. Okkupasjonstida er den mest omskrivne og til dels omstridde perioden i norsk historie. Sjølv om Bals skriv med engasjement og har eit godt grep om framstillinga, blir det samtidig etter kvart tydeleg at han eigentleg ikkje har så mykje nytt å presentere i første del av boka.

Med unntak av kjeldestudium i Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Arbark) baserer Bals seg stort sett på eit nokså avgrensa utval forfattarar. Og sjølv om han kjem med eigne nyanseringar og gode poeng, lèt han i somme tilfelle konklusjonane til andre forfattarar som ikkje alltid er like overtydande, stå litt for uimotsagde.

Eit døme er bruken av Helge Krogs nesten absurd polemisk innretta pamflett 6. kolonne–? (1946), der Krog ikkje berre på dels konspiratorisk vis skreiv at «tyskerne ved hjelp av quislingene (…) aktiviserte motstandsbevegelsen og dermed skapte hjemmefronten», men også påstod at leiarar og eigarar i norsk krigsviktig industri «gjorde Nazi-Tyskland langt større tjenester enn Quisling, (…) stapo, hird, frontkjempere og tyskarbeidere tilsammenlagt».

Bals er rett nok ikkje ukritisk til Krogs overspente framstilling, men han synest at han har «noen viktige poenger». Dette må han gjerne meine, men ein slik konklusjon ville utan tvil stått seg betre om han hadde vore forankra i grundigare kjeldestudium av saksområdet enn det ein får inntrykk av at Bals har gjort på eiga hand.

Uklar omgrepsbruk

Ein annan veikskap ved Kampen fortsetter er at boka ikkje inneheld ein tydeleg definisjon av omgrepet fascisme. Bals nyttar dessutan omgrep som nazist og fascist om kvarandre, noko som mellom anna viser seg uheldig når han i ein eigentleg nyansert diskusjon av motstandsrørsla og hjelpa ho ytte (eller ikkje ytte) til flyktningar, skriv at «det fantes folk i motstandsbevegelsen som var både rasister og fascister».

Den uklare omgrepsbruken gjer at lesaren her blir i tvil om kva (og ikkje minst kven) forfattaren eigentleg siktar til. Ei tydeleggjering, eventuelt justering, vil i dette tilfellet vere på sin plass i seinare opplag.

Bals kjem sjølvsagt innom dei ulike kjenneteikna ved den omskiftelege fascistiske ideologien i løpet av verkets gang, så det ein iblant saknar, er derfor først og fremst ein større grad av systematikk. Forfattaren får nemleg godt fram korleis fascismen til ulike tider og på forskjellige stader har lansert tilbakeskodande vyar om eit «rasereint» idealsamfunn prega av «tradisjonelle» verdiar, idealisert krig og bruk av vald for å oppnå denne utopiske, antidemokratiske draumen, oppretta eit konspiratorisk, framandfiendtleg og rasistisk skilje mellom «oss» og «dei andre» for så å gå omsynslaust til åtak på dei sistnemnde.

Likevel saknar ein kanskje særleg tydelegare og meir inngåande diskusjon av leiarens rolle i den påfølgjande radikaliseringsprosessen, ikkje minst i steget frå ei mindre, svært valdeleg gruppering til ei masserørsle. For som Bals skriv: «uten en fører blir det ikke noe særlig fascisme».

Det er i så måte underleg at han ikkje meir spesifikt tek opp kor viktig «karismatisk» leiarskap er, opphavleg eit omgrep lansert av sosiologen Max Weber, men nytta med god effekt av forskarar som Ian Kershaw og Robert O. Paxton.

Ei krevjande øving

Truleg ville ei tydelegare omgrepsavklaring og ein omgrepsdiskusjon gjeve teksten betre samanheng, for sjølv om dei ulike delane heng saman, er det ikkje fritt for at boka med forfattarens ord gjer enkelte pussige sprang, dels geografisk, men i nokon grad også tematisk.

Strengt teke er boka inndelt i tre ulike bolkar. Den første dreier seg om kampen mot nazismen og fascismen under andre verdskrigen og etterdønningane i tiåra rett etter. Den andre dreier seg om Bals’ eiga erfaring som del av Blitz-miljøet med å stå imot nynazistiske grupperingar i Noreg på 1990-talet. Den tredje dreier seg om dagens situasjon, med framvekst av autoritære rørsler i USA, Midtausten og Europa, ikkje minst Russland.

Som nemnt får Bals bolkane til å henge i hop, og han viser at det finst ein raud tråd her, men den ville truleg ha komme tydelegare fram dersom forfattaren hadde vore nøyare med å definere fenomenet då, og deretter vist fram likskapar og ikkje minst forskjellar i tida vi lever i no.

Samtidig er det å skrive om si eiga tid med noko som liknar eit objektivt overblikk, utvilsamt ei krevjande øving. Bals skal om ikkje anna ha ros for si engasjerte vektlegging av kor viktig organisering og bevisstgjering er i kampen mot fascismen, uavhengig av kva form ho har.

Å vone at forfattaren ein gong skal kunne klare å skrive eit tredje band med mindre karakter av kampskrift og med meir kjølig analytisk distanse, er difor ikkje utelukkande ei utfordring til forfattaren, men til alle oss andre òg.

Torgeir E. Sæveraas

Torgeir E. Sæveraas er historikar og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis