Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kaslegard har skrive ein god og lågmælt roman om minnet, pliktene og det viktige i livet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bergljot Kaslegard har skrive fire romanar sidan debuten i 2009.

Foto: Tiden

3661
20170901
3661
20170901

Roman

Bergljot Kaslegard:

Det som nesten er sant

Tiden Norsk Forlag

Bodvar er ein gamal mann som ligg på ein sjukeheim og minnest livet sitt. Folk kjem innom, somme gonger kjenner han dei, andre gonger minner dei han om nokon, og stundom er dei berre framande.

Eit sentralt minne for Bodvar er lagnaden til faren, som drog til fjells mot slutten av den andre verdskrigen, og vart borte. Forfattaren presenterer dette i små stykke, ikkje som delar av minne der fasiten ligg ved som føresetnad, men heller som augneblikksbilete frå barndommen til Bodvar, då alt enno var uvisst. Bodvar var eldste son på ein gard, og då krigen var over og han dagstøtt venta på faren, var det han som tok over det tyngste gardsarbeidet. Kaslegard skildrar dette arbeidet med god innsikt, og i mykje minner då Bodvar om ein annan romanfigur denne hausten, hovudpersonen i Om dyr og syn av Tormod Haugland. Båe steller med dyr og vøler reiskap, men der faren er fråverande hjå Kaslegard, er han framleis til stades hjå Haugland, om enn ute av stand til å gjera det fysiske arbeidet sjølv.

Annan karriere

I båe bøkene endar det med at hovudpersonen lèt ein yngre bror ta over garden, og sjølv satsar på ein annan karriere. Bodvar vart lærar, men ikkje som resultat av eigen ambisjon. Han møtte ei jente, Magda, som meinte at lærargjerninga var det han skulle bruka evnene sine på. Skal me tru boka, var han ein flink lærar, men det ser ikkje ut til at han minnest mykje av den laupebana. Kan hende var det ikkje stort å hugsa. På sine gamle dagar er det helst notida og den fjerne fortida han minnest, saman med nokre glimt frå samlivet med Magda, men då for det meste i generelle vendingar. Det viktige i livet hans gjeld for alltid den bortkomne faren, det står fremst i minnet.

I byrjinga kan det sjå ut som om faren var ein motstandsmann, men etter kvart veks mistanken om at han i røynda hadde desertert der oppe på fjellet, at han skulle vera med på eit oppdrag, men at han stakk seg vekk og gøymde seg, og ikkje ville visa seg for folk etterpå. Og om han enn truleg hadde gjort mykje bra tidlegare, ville ei slik avgjerd merka han for æva, og vera det einaste mange ville setja i samband med namnet hans. Bodvar tenkjer ikkje så mykje over akkurat det, men ein kan ana at han kjenner det på seg, særleg då han til slutt finn ut kva og kvar det vart av faren, i den beste scena i boka, men eg vil ikkje øydeleggja leseopplevinga for folk ved å røpa detaljar om dette.

Lågmælt

Det er ein lågmælt roman Bergljot Kaslegard her har skrive. Språket er utan store ord og ornamentikk, og når det skjer noko uvanleg, som at ein elg forvirrar seg inn på sjukeheimen, og lyt avlivast innandørs, vert det ikkje kommentert, berre skildra. Då vert det likevel ståande som ein kommentar for lesaren, eitkvart som har med den bortkomne faren å gjera, eit mysterium, men også just den overflødige scena som gjer romanen sannsynleg, for røynda er tidt utan regi.

Ein og annan anakronisme kan anast, til dømes bruken av ordet magisk som adjektiv, eller dusjing som ein sjølvsagt aktivitet då Bodvar var liten, og stundom er perspektivet litt problematisk, for ein kan lura på om det er den gamle og skrøpelege Bodvar som resonnerer så klokt over det han ser, men i sum er romanen plausibel, av di han er konsekvent atterhalden, og såleis vert Bodvar – ein pliktoppfyllande mann – truverdig portrettert ved stilen, og ikkje ved påstandar om eigenskapar eller merittar.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I sum er romanen plausibel, av di han er konsekvent atterhalden.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis