Lyrikk som kombinerer kropp og kunnskap
Nils Chr. Moe-Repstad er ei særprega skriftrøyst i norsk samtidspoesi. Dikta etablerer sjokkarta samband gjennom veldige rom- og tidsspenn.
Nils Chr. Moe-Repstad debuterte i 1996 og har gjeve ut elleve diktsamlingar.
Foto: André Løyning
Dikt
Nils Chr. Moe-Repstad:
Devon
Flamme Forlag
Tittelen på Nils Chr. Moe-Repstads siste diktbok, Devon, syner til nemninga på den geologiske perioden på jorda då enkelte dyr utvikla lunger, og til den geografiske staden Devonshire i England.
I forhold til den nesten monstrøse diktboka Wunderkammer (2016) som var på over 800 sider, var De vakre, hvite draperiene frå 2018, med barokkens overflod som omdreiingspunkt, tydeleg mindre omfangsrik. Årets bok er endå spinklare. Men enkeltdikta i alle desse samlingane liknar i forma.
Stram, open struktur
Dei er prega av ein stram, men open struktur, særeigen rytme og uortodoks teiknsetjing – og ei evne til å etablere sjokkarta samband gjennom veldige rom- og tidsspenn. Dikta famnar eit stort og omfattande kunnskapsstoff, frå fysikk til mytestoff – og ikkje minst ei skjult glede over kunnskapane. I Devon vil ein sjå at dei ni mellomtitlane ofte har essayets karakteristiske «Om» i tittelen: «Om biografi». Ja, det vil vere vanskeleg å lese desse dikta om ein ikkje freistar falde ut litt av kunnskapane dikta rugar på.
Mange sjikt
Det finst mange sjikt og moglege motiviske samanhengar i Devon-dikta. Banar, syklusar, planetsystemet og årstider er nokre av dei, og ofte skjer det eit brot eller ei forstyrring: «Først flyttet vi oss etter årstidene og himmelretningene, men jeg er et barn/ av den neolittiske perioden, da vi kultiverte vekstene».
Opningsdiktet verkar nesten som det sluttar ein ring, eller bryt ut av ringen, berre for å bli fanga på ny i ein annan: «Vi holder hverandre, forsiktig som visne eikeblader, det er så lett/ kanskje Aktaion, fortært av sine egne hunder/ ville forstått oss». Diktet søker tilflukt i den antikke myten om jegeren Aktaion som observerte Artemis naken då ho bada. Artemis ville hindre at det blei fortalt vidare og omskapte Aktaion til ein hjort som deretter vart drepen av sine eigne hundar. Jegeren blir sjølv jakta på og felt som eit bytte.
Ein grip seg sjølv, slik ein grip eigne tankar i sjølvrefleksjonen. I diktet vert dette formilda med moment av vald og øydelegging, som om det er eit samband mellom «fortært» og «forstått». Det finst avdelingar som nett verkar som dei behandlar vald og brutalitet seinare i diktboka.
Moe-Repstads essayistiske dikt gir rom for lesaren, men dette rommet blir mykje større om lesaren er merksam og freistar følgje vendingane og dreiingane, som lyser opp uventa samband. Merksemd er heller ikkje nok. Det finst ein rest: «Det vakreste blir igjen i analysen».
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nils Chr. Moe-Repstads essayistiske dikt gir rom for lesaren.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.