Moderne familiar
Gjennom ni jamgode noveller går Solfrid Sivertsen tett inn på små og store vonde opplevingar.
Solfrid Sivertsen skriv om sårbare menneske, både barn og eldre.
Foto: Mike McGurk
Noveller
Solfrid Sivertsen:
Ho sykla bort og andre noveller
Samlaget
Eg ser i notata mine frå lesinga av Solfrid Sivertsens nyaste bok at lydordet «huff» går igjen. I dei ni novellene treffer vi hovudpersonar som er frå om lag 7 til 80 år. Felles for alle er at vi treffer dei på sitt mest sårbare, mange av dei har opplevd svik, både av store og små slag.
Truverdige personar
Sivertsen er godt vaksen og med stor fartstid som forfattar. Det merkar vi i tekstane; ho er dyktig til å gå inn i verda til ulike personar, både ved å justere språket og å vise fram kva personane interesserer seg for. Sjuåringen tel tennene sine og snur seg etter blinkeskoa sine. 80-åringen drøymer seg tilbake til tida som sjømann. 50-åringen saknar tida då barna var yngre.
Det er sjeldan eg les ei novellesamling med så jamgode tekstar. Eg pleier å velje meg ut ein favorittekst, men her er det ingen noveller som er svakare enn andre, ingen personar eg synest er mindre spennande å følge enn andre. Heller ikkje tittelnovella skil seg ut, og slik sett synest eg tittelvalet er merkeleg. Eg trur boka kunne hatt godt av å heite noko som seier kva ho handlar om.
Blir betre menneske
Når eg huffar meg i lesinga, handlar det om måten forfattaren pirkar i det aller vondaste. Det treng ikkje handle om dei store tragediane, sjølv om vi får dei òg. Sivertsen får til å eksponere folk på sitt mest utsette, ynkelege, i små nederlag som vi kan kjenne oss igjen i. Vi møter den einsame jenta som berre får kontakt med folk i friminutta når ho har godteri i lomma. Og foreldra som ikkje er heilt til stades, ser vi mykje av i fleire av novellene som har barn som eg-personar. Sjølv om novellene er jamgode, er det nok desse med barna i hovudrollene eg kjem til å hugse best.
I blant går tankane til Sivertsens novellekollega Ingvild H. Rishøi; vi får vondt av barna på same måten som i fleire av tekstane til Rishøi. Felles for dei to er òg kjensla eg får av å ha lært noko, at eg faktisk blir eit betre menneske av å lese det dei skriv.
Eit kaldt samfunn
Vi ser dei moderne familiane som er splitta i mange retningar, bonusbarn som blir tilsidesett, foreldre som er meir på jobb enn heime. Og så ser vi korleis generasjonane ser på kvarandre. Vi umyndiggjer oppegåande menneske ved å putte dei på eldreheim, vi sit med nasen i mobilen heller enn å snakke med barna våre. Det er kaldt og vanskeleg for alle. Samfunnskritikken er godt baka inn.
Solfrid Sivertsen har tidlegare fått ros for å få fram det store bak det vesle, og det gjer ho så absolutt her òg. Mange av tekstane har omstendelege skildringar av det aller minste, kvardagslege, og eg synest det er så fint gjort nettopp fordi hovudpersonane er så forskjellige. Slik får vi ta del i innmari mykje i denne vesle boka.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Solfrid Sivertsen har tidlegare fått ros for å få fram det store bak det vesle, og det gjer ho så absolutt her òg.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.