JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Muntert morbid

Her er boka for deg som saknar Erlend Loe på sitt beste.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mari Kjos Hollum er litteraturvitar og debuterer som forfattar med romanen om Glenn Johansen.

Foto: Paal Audestad

3171
20180713
3171
20180713

Roman

Mari Kjos Hellum:

En begivenhetsrik uke i Glenn Johansens liv

Tiden

Glenn Johansen prøver å henge seg, men feilar då røret han har festa tauet i, bryt sund. Røret er produsert av bedrifta han er tilsett i. Debutant Mari Kjos Hellum har med andre ord skrive fram ein ytst tragikomisk figur, og tittelen på boka er sjølvsagt noko ironisk meint.

Glenn er middelaldrande og nyskild, mot sin vilje. Det han har av sosialt liv, anna enn korte overflatiske samtalar med arbeidskollegaer, er naboen som kjem innom i tide og utide for å skryte av seg sjølv. Alt anna brukte kona å organisere. Dette høyrest kanskje trist ut, men tonen i forteljinga er humoristisk og munter. Og så skal det vise seg at brot av og til kan vere det beste som kan skje ein.

oppvekstroman

Sjølv om boka handlar om ein vaksen mann, minner ho nesten om ein oppvekstroman i det at vi følger Glenn gjennom ein tøff periode der han endar opp med å finne seg sjølv. Han har levd i 50 år utan å akseptere den han er.

Glenn er ei sosial kløne, men mest handlar einsemda om at han kjenner seg utanfor åleine i eit jovialt miljø der båtar, golf, hytter og oppussing er gjentakande samtaleemne. Sjølv trur han at han ville vore meir komfortabel med «å snakke med både prostituerte og nazister enn å snakke med naboer».

Heile vegen opplever eg at eg har lese noko liknande før, at Hellum minner meg om ein annan forfattar eg set pris på. Eg tenker mykje på Kjersti Anfinnsen som òg skreiv ein munter og god debut om ein livstrøtt vaksen mann, og det er så absolutt eit slektskap der. Men så slår det meg brått: Det er Erlend Loe eg kjenner igjen, særleg i måten Hellum peikar på det etablerte: grillfestar på 17. mai, reker og øl i Kragerø, fotballkampar i opptak. For oss som koste oss med Naiv. Super og Doppler, er Hellums bok ei gåve, men ho står for all del på eigne bein òg.

Klar for kamp

Det er godt å sjå korleis Glenn til slutt viser fingeren til tomme sosiale treff. Eg heiar på han og særleg etter at lesinga er over, kjenner eg meg stolt av han. Det er ikkje lett å takke nei til festinvitasjonar – å fortelje omverda at ein heller vil sitje heime og klappe katten og lese om krigen, er vel i desse ekstroverte tider nesten like tøft som det kan vere å kome ut av skapet.

Filmar og bøker om store slag under krigen blir inspirasjonskjelder som Glenn tar med seg i eige liv. Etter kvart oppdagar han òg det same med fotball og dataspel: Det gjeld å kjempe så godt ein kan ut frå eigne føresetnader, av og til går det bra, av og til ikkje.

Denne metaforbruken blir for meg litt for godt forklart av forfattaren. Det kunne vore kjekt å oppdage samanhengane sjølv, men eg tilgir det då boka ikkje først og fremst er ute etter å utfordre lesaren. En begivenhetsrik uke i Glenn Johansens liv er ei lett og underhaldande bok om å akseptere seg sjølv, som forlaget har tima godt, då ho passar perfekt på late, varme dagar på stranda.

Katrine Judit Urke

Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

En begivenhetsrik uke i Glenn Johansens liv er ei lett og underhaldande bok om å akseptere seg sjølv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis