Overtyder ikkje
Gaute Heivolls nye roman er eit stort arbeid om ein lite oppsiktsvekkande oppvekst.
Gaute Heivoll debuterte i 2002 og har sidan skrive romanar, noveller, dikt og barnebøker.
Foto: Paal Audestad
Roman
Gaute Heivoll:
Drøm om de levende
Tiden
Spør du meg om eg har plass til endå ein oppvekstroman, seier eg ja. Oppvekstar slår meg som noko såpass allment at eg tenker det må vere plass til fleire bøker enn for eksempel Lars Saabye Christensens Beatles. Og la gå med at mange oppvekstar liknar. Menneske liknar. Menneskelege erfaringar liknar. Men kvar og ein av oppvekstromanane bør finne si form, si grunngjeving for å ha ein plass i sjangerhylla. Eg synest ikkje Gaute Heivoll har funne ei overtydande form i Drøm om de levende.
Kvar skal vi?
Vi møter den namnlause hovudpersonen, Han, gjennom ein periode frå slutten av 1940-åra til slutten av 60-åra. Romanen er bygd på historia til forfattarens eigen far. Her er fine skildringar av ein barndom under overoppsyn av Jesus, skildringar av venskap og oppdaginga av dei fortryllande skapningane jentene, av forsøk på å slå inn på rett studie- og yrkesveg og av å møte den obligatoriske veggen når livet går ein imot. Her er referansar til hendingar i tida som gjev oss den rette koloritten, som konsertar med Jim Reeves, VM på skøyter på Bislett i Oslo eller berre skildringa av kor vanskeleg det kunne vere å få seg eit glas øl på kafear i Noreg i 50- og 60-åra.
Måten vår mann møter veggen på, og kva som då hender med han, minner om sjukdomsforløpet til Kim Karlsen i Beatles, i litt for høg grad etter min smak, men eg har jo alt etablert at erfaringane våre liknar.
Vanskelegare er det at eg ikkje finn noka nemneverdig vekt eller tyngd i årets bok, samanlikna med Heivolls tidlegare romanar som Himmelarkivet, Før jeg brenner ned eller Sang for sekstiåtte forrædere. For meg er dette ei (lang) forteljing om ein ganske lite oppsiktsvekkande oppvekst. Forteljinga har heller ikkje noko anna på hjartet enn å halde historia gåande, og eg klarer ikkje å bli gripen eller særleg interessert.
Trassig lesarposisjon
Språkleg sett kan ein innvende at ei rekke gjentakingar kan vere meint suggererande, for meg blir det maner. Når lesaren heile tida må vende tilbake til omtalar av Klaus med sprekk i beinet, av Sverre som er så frimodig, og Anna med ei «åndssvak» dotter og ein son i himmelen, eller hendingar som då faren slo elgen i hel under krigen, og den gongen Han teikna si eiga hand, blir det meir og meir som hamring, utmeisling av klangar som skal skape kjensler. «Deg vil eg med overlegg i rytmar nagle fast», for å seie det fritt etter Olaf Bulls dikt «Metope».
Eg kjenner meg tvinga inn i ei slags språkleg høgtid og blir derfor ståande trassig på utsida.
Sjølv om Heivoll er ein solid og kjenslevar forfattar med observasjonsevne og presisjon som varemerke, er det ikkje alltid at alle bøker i ein forfattarskap talar til ein. Ein kan seie at kvaliteten i forfattarskapen til Heivoll ligg nettopp i det at han har eksperimentert og levert relativt forskjellige bøker og verk. Men for min del er det heilt andre Heivoll-bøker enn årets roman som gir meg noko.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.