Solskin og sjalusi
Sally Rooney er ein fin debutroman som handlar om – og kanskje er skriven mest for – unge vaksne.
Den irske forfattaren Sally Rooney har publisert artiklar i litterære tidsskrift som Granta og The Dublin Review. No har ho debutert som romanforfattar.
Foto: Jonny Davis
Roman
Sally Rooney:
Samtale med venner
Omsett av Tiril Broch Aakre
Cappelen Damm
Då eg første gong såg Greta Gerwig-filmen Frances Ha, var eg 27 år gammal, slik som hovudpersonen med same namn. Eg var heilt ute av meg etterpå. Eg såg filmen igjen eit par år seinare og merka alt då at han hadde mista noko av krafta si; mykje av verdien med filmen var noko som trefte meg der eg var akkurat då.
Miljøet i Dublin
Sally Rooneys Frances er 21 år og studerer i Dublin, men Samtale med venner har likevel fellestrekk med – og endåtil eksplisitte referansar til – New York-filmen Frances Ha. Det handlar om kunst, kjærleik, venskap og einsemd i tidleg vaksenliv.
I tillegg til å vere aspirerande forfattar er Frances aktiv på spoken word-scena saman med kvikke og rappkjefta Bobbi, som ho omtalar som den einaste venen ho har, og som òg er ekskjærasten hennar. Via litteraturmiljøet blir dei kjende med ekteparet Melissa og Nick, som er om lag ti år eldre.
Sjalusi
Diverse omstende fører til personlege konfliktar: Frances blir sjalu på Melissa og Bobbi, Melissa og Bobbi blir sjalu på Frances og så bortetter. Frances innleier eit forhold til Nick, som er skrive fram så kjekt at ein blir nysgjerrig på om Rooney har tenkt på nokon spesiell. Starten på forelskinga er skildra så vanvitig presist at det i blant gjer vondt å lese: «Det var som om noen forsiktig hadde visket bort hele utseendet mitt med enden på en usynlig blyant. Det var en forunderlig følelse og faktisk ikke ubehagelig, selv om jeg også merket at jeg var kald og kanskje hutret.»
Frances blir etter kvart desperat oppslukt, litt på same måte som Ester i Lena Anderssons Rettsstridig forføyning. Men det er ikkje noko sjukt ved framferda til Frances, eg trur alle kan forstå korleis det er å lengte intenst etter ei melding frå ein person ein likar. Men forholdet er av den håplause typen, som ein som utanforståande ønsker skal ta slutt.
Ferie og regnvêr
Midtpartiet, der Frances og Bobbi besøker Melissa og Nick i eit feriehus i Frankrike, sit best igjen hos meg. Her synest eg Rooney får putta inn mange av motsetnadane som ber romanen: latter og gråt, forelsking og sjalusi, ferie og regnvêr. Forfattaren brukar òg ein del fiffige motsetnadar i sjølve språket, med formuleringar som til dømes «for rik til å være komisk» og «mindre kunstig og, på en eller annen måte, mindre overbevisende».
Denne ferien tar meg tilbake til den franske filmen Små hvite løgner der vi møter ein venegjeng på ferie, og faktisk òg den posthume Hemingway-romanen Edens have – begge bittersøte sommarverk med sjalusidrama og fransk solskin.
Midt oppi alt dette, og tilbake i gråvêret i Dublin, sit Frances i same einsemd som Greta Gerwigs filmfigur og lurer på kven ho er, om ho i det heile tatt er nokon. Eg klarer ikkje alltid å forstå kvifor, for uansett kor mykje hovudpersonen insisterer på at ho manglar personlegdom, og sjølv om ho vernar godt om kjenslene sine, verkar ho på meg som ein greitt nok støypt ung vaksen. Det kan vere eg har gløymt ein del frå då eg sjølv var så ung, men ein roman bør kanskje ikkje ekskludere dei som ikkje er 21 lenger, sjølv om eg håpar at haugevis av nettopp unge studentar vil lese Samtale med venner.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forfattaren brukar ein del fiffige motsetnadar i sjølve språket, med formuleringar som til dømes «for rik til å være komisk».
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.