Storslått og gripande
Jens M. Johansson skriv drivande godt og nyansert om ein løgnar og familien hans.
Jens M. Johansson har skrive ei rekkje bøker, både skjønnlitteratur og sakprosa, etter debuten i 2002.
Foto: Baard Henriksen
Roman
Jens M. Johansson:
Familieverdier
Tiden
Mor mi likte å seie: «Konsonantanes orden er likegyldig». Mor mi hadde humor. Det har ikkje mor til Storm, vil eg påstå, i Jens M. Johanssons Familieverdier.
Mor til Storm er eit feira teatermenneske og teatersjef, og ho likar å kalle inn til søndagsmiddagar, mest for å få ei scene å utfalde seg på, kan det verke som. Men dei andre får òg kome til orde: den konservative, lett rasistiske søstera Petra, den opnare (men likevel meir stengde) sexologsøstera Cecilie, deira menn og barn, eksar av mora og deira nye damer, og Storm sjølv med hans familie, som er franske Margot og barna Claude og Juliette.
Obs! Handlingsrøping
Samtalane går om ting som har ei viss samfunnsvekt, om kunst, om kjønn, om tollprisar på ost. Men når vi har vore gjennom fleire søndagsmiddagar, og emna gjentar seg, kjennest det mest som ord. Som staffasje. Til sist kjennest det som om konsonantanes orden er likegyldig.
Jens M. Johansson teiknar opp eit miljø der personane snakkar utruleg mykje, handlar mykje òg, men likevel står lesaren igjen med ei kjensle av tomheit, på vegner av samtalane. Mora, den legendariske Gerd Bye, gjer ikkje noko i dag, ho lever på minna av å vere feira kunstnar. Storm sjølv, som vi følgjer tettast, er ein forretningsmann med fleire gode idear, men òg mange havarerte prosjekt bak seg. Han er ein konkursramma løgnar. Han held seg sjølv og kona for narr ved å halde oppe trua på at det neste prosjektet blir bra.
Når ekteskapet òg går under, er det neste prosjektet å sette opp den greske tragedien Medea som ein musikal «med glimt i auget». Som i dei greske tragediane går det ikkje bra til slutt. Og som i dei greske tragediane handlar dette om Storms hybris, altså overmot. Han har for stor tiltru til eigne løgner.
Replikkunst
Jens M. Johansson skapar eit fortreffeleg portrett av den ivrige Storm, som har dei beste intensjonar, men berre ikkje får det til, og av familie og vener rundt han, med alle sine karaktertrekk. Vi får teikna opp eit stort persongalleri der alle får ein tydeleg personlegdom, utan at det kjennest for mykje for ein stakkars roman.
Dette kjem mykje av replikkunsten til forfattaren. Han lar personane snakke og snakke, og han gjer det med bravur. Ikkje alle forfattarar kjem unna med så mykje samtalebasert tekst. Replikkane syng og slår fram og tilbake, som i det gamle tennisesset Storms fortid. I tillegg skriv Johansson presist «på bakrommet» om korleis personane opplever det heile: «Så vidt Storm kunne huske, hadde faren alltid vært mest fascinert av det som lå han aller nærmest, nemlig ham selv.» Når Leif, den nye kjærasten til mora, alltid reiser seg opp og syng eit eller anna under søndagsmiddagen, kan det stå: «De yngste barna satt imponerende stille i de drøye fire minuttene han holdt det gående, uten å le en eneste gang av de teatralske bevegelsene og det Rotary-aktige smilet.»
Levande litteratur
Storm er vand til høg sigarføring i livet sitt, og tartar på Theatercafeen, så kontrasten til at han hamnar i farens eittromsleilegheit, der han tinar svineknokar i mikroen, et surkål frå pose og legg rekningane i frysaren, er stor.
Den vindfulle soga om Storm er ført i pennen av ein framifrå forfattar som veit å skildre, etter gamalt. Ein treng ikkje alltid skildre så satans mykje for å vere ein god forfattar. Men Johansson kan det, og gjer det, og då er det godt at nokon skildrar satans mykje.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jens M. Johansson skapar eit fortreffeleg portrett av den ivrige Storm.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.