JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Historia om doping er full av dramatikk, men i Mads Dranges framstilling blir det for tørt og akademisk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mads Drange har skrive to bøker om doping.

Foto: Pax Forlag

3879
20170929
3879
20170929

Sakprosa

Mads Drange:

Medaljens pris. Dopingens moderne historie

Pax Forlag

Me har sett det før: Kameraet som zoomar inn på andletet til ei dømd kvinne nett i rette augneblinken, tårene som trillar i tagnad. I Carl Theodor Dreyers stumfilm Jean D’Arc frå 1928 er det tårene som talar om lagnaden til heltinna, før ho blir ført på bålet.

Hjå Therese Johaug såg me dei same tårene etter kunngjeringa av dommen i CAS. Dømd for det næraste ein kjem kjetteri i Vesten i dag – doping. Nokre få ord før blitshavet sette henne i lys loge. Banesåret på dei flammande leppene hennar, no lækte, men i auga såg me arret i sjela. Ein dreyersk augneblink.

Anatomien i teksten

I Mads Dranges andre bok om doping er det lite som minner om filmkunsten til den danske regissøren, jamvel om boka byrjar bra. Drange opnar med historia om ein belgisk lagmedarbeidar for eit sykkellag, som rullar over grensa til Frankrike med bilen full av EPO rett før Tour de France: blålysa, vegsperringa og den store skandalen i 1998. Men nett då hjernen varslar thriller, stoggar framdrifta i forteljinga heilt. Resten kunne like gjerne vore henta frå ei anatomibok: «Ved nedbryting av sukkermolekylet glukose kan det dannes så mange som 36 ATP-molekyler», og så bortetter.

Somme vil hevda at ein ikkje les bøker om doping i idretten for estetikken si skuld, men i ei bok om den moderne soga til dopet, og der ingrediensane er stormakter, kald krig og gløymde statar og demokratiske republikkar, ligg landet ope for drama og forteljing. Dei mest leseverdige bolkane er dei fine vignettane frå soga om dopinga som innleier kapitla. Men jamstilt med den noko meir akademiske tilnærminga til resten av innhaldet, vert dei ståande att som ein slags EPO for lesaren. Prestasjonen er så rå at ein vil sjå meir av slikt og ikkje: «Tilgangen av oksygen er igjen avhengig av hvor mye oksygen som tas opp i lungene».

Speed, blod og EPO

Same året som Dreyer kom med meisterverket sitt, 1928, lanserte den internasjonale friidrettsforbundet (IAAF), som fyrste organisasjon i verda, eit forbod mot stimulerande midlar. Sidan den gongen syner Drange at det har gått slag i slag fram til i dag. Han syner korleis doping har vore både stimulerande og prestasjonsaukande, om det er amfetamin i 60-åra, steroid i 80-åra eller EPO i 90-åra.

Andre interessante bolkar er drøftinga av statsstyrt doping som rådde i austblokklanda og i Kina, og ikkje minst påpeikinga av Russlands comeback på dette feltet frå inngangen til det noverande tiåret. Dimed er boka til Drange ein heilt grei introduksjon til dopingsoga. Ein vil tru ho kjem til å kome på pensumlistene i idrettsfag rundt om i landet.

Eg saknar eit blikk inn mot framtida. Drange har ei von om ein «idrettsverden hvor bruk av prestasjonsfremmende middel ikkje er regelen, men unntaket». Utfordringane frametter står nok heller i kø. Den norske forskaren Bjørn Barland har òg synt at doping er aukande i trim- og fitnessmiljø. Her er det ikkje draumen om gull som tel, men å sjå godt ut. Og vegen er òg kort over til organisert kriminalitet som står for forsyningslinjene. Kanskje er folkedoping eit større problem for samfunnet enn doping i toppidretten? Og verre: Når kjem den fyrste genmanipulerte utøvaren?

Noko er i alle høve blitt betre, det såkalla Goldmanns dilemma. I 80-åra spurde den amerikanske forskaren Robert Goldman idrettsfolk om dei ville ta ei magisk pille, vinne OL-gull, for så å døy året etter. Over 50 prosent svara ja. No er talet nede i 12 prosent.

Uansett er ikkje siste kapittel i dopingsoga skrive. Johaug er til dømes ikkje med i boka. Om ho blir ein ny Jean D’arc, ja, om statusen hennar blir endra frå kjettar til helgen, vil syne seg i eit framtidig verk om doping.

Asgeir Ueland

Asgeir Ueland er forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis