Kulturminister Linda C. Helleland.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Debatt om kritikArrolla
Tysdag 22. november blir det debatt om kritikarrolla på Litteraturhuset. I valkampen uttala kulturminister Helleland at ho «hadde virkelig håpet at den tiden skulle være forbi at noen forteller folk hva som er god og dårlig kultur». Og i dei fleste aviser skjer ei omlegging og redusering av bokmeldarstoffet. Korleis atterreise bokkritikaren, er temaet. Mellom andre deltek Bernhard Ellefsen, kritikar i Morgenbladet og Merete Røsvik Granlund, kritikar i Dag og Tid.
Nordnorsk forfattarlag jubilerer
I 2017 er det 45 år sidan oppstarten av Nordnorsk forfattarlag (Nnf). Dette feirar Nnf med ei jubileumsutgåve av det tidlegare medlemsmagasinet Skarven, som gjekk inn for ti år sidan. Denne utgåva av det litterære magasinet har 48 sider med tekstar skrivne av medlemer i forfattarlaget.
Ringdrotten på TV
Ringdrotten eller Ringenes herre som det kjende verket til J.R.R Tolkien heiter på norskdansk, blir TV-serie. Amazon stakk hendene djupt ned i lommeboka og melder at dei har snappa opp rettane til det verdskjente fantasy-universet, i kamp med Netflix og Apple. Hobbitane og Gandalf blir altså TV-serie som skal sendast på Amazon Prime Video-appane.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Debatt om kritikArrolla
Tysdag 22. november blir det debatt om kritikarrolla på Litteraturhuset. I valkampen uttala kulturminister Helleland at ho «hadde virkelig håpet at den tiden skulle være forbi at noen forteller folk hva som er god og dårlig kultur». Og i dei fleste aviser skjer ei omlegging og redusering av bokmeldarstoffet. Korleis atterreise bokkritikaren, er temaet. Mellom andre deltek Bernhard Ellefsen, kritikar i Morgenbladet og Merete Røsvik Granlund, kritikar i Dag og Tid.
Nordnorsk forfattarlag jubilerer
I 2017 er det 45 år sidan oppstarten av Nordnorsk forfattarlag (Nnf). Dette feirar Nnf med ei jubileumsutgåve av det tidlegare medlemsmagasinet Skarven, som gjekk inn for ti år sidan. Denne utgåva av det litterære magasinet har 48 sider med tekstar skrivne av medlemer i forfattarlaget.
Ringdrotten på TV
Ringdrotten eller Ringenes herre som det kjende verket til J.R.R Tolkien heiter på norskdansk, blir TV-serie. Amazon stakk hendene djupt ned i lommeboka og melder at dei har snappa opp rettane til det verdskjente fantasy-universet, i kamp med Netflix og Apple. Hobbitane og Gandalf blir altså TV-serie som skal sendast på Amazon Prime Video-appane.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.