Dei gamle er eldst til dei døyr
«Nick Cave var i 30-åra fyrste gong eg høyrde han. No er han 67, men songane er unge.»
Nick Cave og The Bad Seeds i Oslo Spektrum 2. oktober.
Foto: Håvard Rem
I førre veke fylte Nick Cave og orkesteret hans Oslo Spektrum. Cave har vorte så stor at han kan spela åleine òg, om han vil, som i heimlandet Australia no i vår, og i Noreg i 2019.
Kvifor vert han berre større? Etter at eg i femti år har fylgt albuma, og i førti år konsertane, til Leonard Cohen og Bob Dylan, innser eg at alt har ein ende. Cave fyller songpoetskorne, om ikkje deira, så sine eigne.
Han var i 30-åra fyrste gong eg høyrde han. No er han 67, men songane er unge. Det vil seia: frå det siste albumet, Wild God (2024). Kjem du for å mimra til ljodsporet frå din eigen ungdom, går du vonbroten heim, sett bort frå eit par svisker mot slutten.
Slik liknar han Dylan (83), som i førre veke opna ein Europa-turné, dels i same salar som Cave, stort sett med songar frå siste album.
Mange aldrar samla seg i Spektrum. Unge sat fjetra. Korleis vågar Cave å vera så dramatisk og gestisk, så patosfylt og seriøs, utan at det vert for mykje? Jau, som eit fint balansert kontrapunkt til dei vokale avgrensingane og det levde livet hans.
Håvard Rem
Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
I førre veke fylte Nick Cave og orkesteret hans Oslo Spektrum. Cave har vorte så stor at han kan spela åleine òg, om han vil, som i heimlandet Australia no i vår, og i Noreg i 2019.
Kvifor vert han berre større? Etter at eg i femti år har fylgt albuma, og i førti år konsertane, til Leonard Cohen og Bob Dylan, innser eg at alt har ein ende. Cave fyller songpoetskorne, om ikkje deira, så sine eigne.
Han var i 30-åra fyrste gong eg høyrde han. No er han 67, men songane er unge. Det vil seia: frå det siste albumet, Wild God (2024). Kjem du for å mimra til ljodsporet frå din eigen ungdom, går du vonbroten heim, sett bort frå eit par svisker mot slutten.
Slik liknar han Dylan (83), som i førre veke opna ein Europa-turné, dels i same salar som Cave, stort sett med songar frå siste album.
Mange aldrar samla seg i Spektrum. Unge sat fjetra. Korleis vågar Cave å vera så dramatisk og gestisk, så patosfylt og seriøs, utan at det vert for mykje? Jau, som eit fint balansert kontrapunkt til dei vokale avgrensingane og det levde livet hans.
Håvard Rem
Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media