Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Endre Lund Eriksen.

Endre Lund Eriksen.

Foto: Astri Lund Eriksen

Endre Lund Eriksen.

Endre Lund Eriksen.

Foto: Astri Lund Eriksen

2062
20180119
2062
20180119

Dei nominerte til Uprisen

Namna på dei nominerte til Uprisen – årets ungdomsbok – er offentleggjorde. Uprisen har sidan oppstarten i 2007 segla opp som ein av dei viktigaste prisane for ungdomslitteratur.

Prisen blir arrangert av Foreningen !les i samarbeid med Norsk Litteraturfestival på Lillehammer og Den kulturelle skulesekken. No er fem titlar klare for finalerunden til Uprisen. Her fylgjer titlane: Lydighetsprøven av Bjørn Ingvaldsen (Gyldendal), Baksiden av Endre Lund Eriksen (Aschehoug), Kan vi bare late som av Camilla Helene Sandmo (Vigmostad & Bjørke), Killerinstinkt av Thomas Enger (Kagge), Hevner av Ingelin Røssland (Mangschou). Juryen er samansett av ungdomsskuleelevar. Sju juryklassar frå ulike fylke skal vurdere dei nominerte. Vinnaren blir kåra under litteraturfestivalen på Lillehammer i slutten av mai.

Barnas bokpris

Bjørn Ingvaldsen får Barnas bokpris 2017 for boka Faren din. Prisen vart delt ut 17. januar på Bergen offentlige bibliotek. Det er tredje gongen prisen blir delt ut. Fem hundre bergensborn frå 5. til 7. klassesteg har røysta fram vinnaren. Dei tidlegare vinnarane av Barnas bokpris er A. Audhild Solberg for Kampen mot Superbitchene og Bobbie Peers for Luridimstyven.

Vinnaren er svært nøgd: «Det er noe helt spesielt og veldig hyggelig å møte flere hundre barn som har lest boken min», seier Bjørn Ingvaldsen til BOK365.

Hiphop på scena

Hiphop har vore lidenskapen til Boss Castro (Jonathan Castro), Don Martin og Fela (Felipe Orellana Castro) heile livet, og det har for lengst vorte levebrødet deira. Tekstane tek ofte utgangspunkt i den delen av Oslo dei voks opp i, ein stad der mange slit. Austkanten og konsertscena er heimebane, no er dei på veg til ei anna scene, teaterscena på Det Norske Teatret.

Laurdag 27. januar er det urpremiere på ei framsyning dei har laga, Blokk til blokk. Her fortel dei historiene sine og tek publikum med inn i blokka, bak musikken og tekstane sine. Det er austkanten som talar på Det Norske Teatret. Dei fører her tradisjonen etter Oscar Braaten vidare.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis