Den første litterære agenten
VINJE. Idar Handagard sette A.O. Vinje høgt og budde på Plassen i fleire periodar. Kona Sara ordna leselege avskrifter av dokument i gotisk skrift. Handkolorert postkort 1907 med motiv frå Vinjes tid.
Foto: privat eige
Les også
DET FØRSTE. «Vangsgutane» gjorde truleg Leif Halse til den mest lesne nynorskforfattaren på 1900-talet. Hallvard Sandnes og Jostein Øvrelid skapte «Ingeniør Knut Berg på eventyr», og første heftet kom i 1943.
Foto: Fonna Forlag
Ein mann utan grenser
Les også
HUSMANNSPLASSEN. Marius Evjeberg voks opp på Evjeberget i Lofoten. Husa på teikninga er frå 1870-åra.
Teikning av Arne Berg 1960 etter opplysningar frå Evjeberg i Ingrid Semmingsen (red.): Husmannsminner (1960)
Publisisten frå husmannsplassen

Sara Handagard dreiv Norsk Bokhandel Forlag frå ho var 26 år og var i alle år litterær agent for mannen Idar Handagard.
Ho møtte han då ho var 15 år. Han var 20 og skulle i møte heime hos formann Olaf Thingulstad i Det Norske Totalavholsselskap. Den som opna døra, var dottera Sara, slik dører i serieromanar opnar framtida. Året etter var dei hemmeleg forlova. Ho ordna seg med merkantil utdanning og mange år på kontor før alt skjedde på eit halvår i 1905.
Den sommaren tok ho examen artium, og han var ferdig utdanna lege same veka som 7. juni blei historie. Dei to første bøkene kom ut i september. Kaupmannen i Venetia var omsett av Olav Madshus med Arne Garborg som språkkonsulent, og Idar hadde attfortalt og kommentert stykket i Soga um Kaupmannen i Venetia.
Dei skulle leve av inntektene frå det Idar skreiv. Han kunne ikkje dele seg og valde vekk legen. Det meste frå han var på nynorsk, og 27 av bøkene hans var det kona som gav ut.
Sara Handagard tok handelsbrev i 1921 og kunngjorde at ho ville drive handel og forlagsverksemd i Kristiania. No presiserte ho eigarskapen til forlaget i annonsar med «Norsk Bokhandel (Sara Handagard)». Likevel heitte det i eit bandsterkt oppslagsverk året etter at Handagard hadde gitt ut bøkene sine sjølv «med traust hjelp frå Sara Thingulstad».
Frå 1920-åra tok ho til å sende manuskript av han til aviser rundt om i landet. Ho var ein seljar i dikt, som dotter og journalist Herborg Handagard sa det.
Før familien busette seg i Oslo i 1931, tok Sara ofte toget inn til hovudstaden. Der fotgjekk ho vekeblad og aviser for å selje dikt som mannen hadde skrive. Om kveldane sat ho på hotellrommet og skreiv av dikt som passa to-tre månader fram i vekeblada. Nesten alt blei publisert med «Etterprenting forbode».
Sara kunne sin kalender og dreiv tidleg kvart år liknande innsal til dei komande julehefta. Ferieturar sommarstid finansierte paret gjerne med sal til avisene dit dei kom. Hovudregelen var kontant betaling, som mange redaksjonar var lite kjende med.
Ho moderniserte den gamle salsforma subskripsjon og dreiv direkte marknadsføring før dei fleste. Lik ein menneskeleg algoritme laga ho lange lister med personar og institusjonar som kunne vere aktuelle kjøparar. «Sara skrev selv alle konvoluttene med hånd, la inn trykt tingarsetel og skriv om boka som skulle utgis. Og bestillingene kom. Hun førte dem sirlig inn i sin protokoll», fortel Herborg. Dei ferdige bøkene var det Sara som pakka og sende.
I ein notis om jordferda for Sara i 1958 var det «legen og forfatteren Idar Handagards hustru» som var gått bort.
Ottar Grepstad
Neste veke: Ein mann utan grenser
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.