Det er saman vi er sterke
Redaktør Helena Brodtkorb har sørgd for eit stort spenn i denne boka, både i tema og alder.
#Notme, seier Åsne Seierstad.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Sakprosa
Helena Brodtkorb (red.):
Det skjer nå. Fortellinger fra en feministisk revolusjon
Kagge Forlag
Forfattaren Ida Jackson opnar feministantologien Det skjer nå med ei skildring som festar seg med mothakar. Ho teiknar harde, vonde bilde av seg sjølv som fjortenåring i møte med invaderande, skakande seksuelle erfaringar. Jackson vil at gutar og menn lærer om eigen seksualitet og grenser, om det finstemte og grunnleggjande. For korleis førebur vi, i denne pornoens grenselause tid, søner og døtrer på det som i verste fall kan skje i eit rom med unge tenåringar?
Vi er inne i den fjerde feministbølgja, med kraft henta frå #metoo. Den krafta får også æra for at det i haust kjem mange bøker med feministisk innhald, blant dei Ulyd, redigert av Hedda Lingaas Fossum, Jenteloven av Ulrikke Falch og Sofie Frøysaa, og Brev til en ufødt datter av Anne Bitsch.
Stort spenn
Den eldste skribenten er 80, den yngste er 24 og ei kjent stemme blant dei skamlause arabiske jentene, Sofia Srour. Ho er sikker på at frigjeringskampen mot æreskultur og patriarkat må alle ta sjølve. Ho avviser at den norske kvinnerørsla har svikta minoritetskvinnene: «Ingen kan eller skal redde oss: det må komme innenfra, det må komme fra oss selv.» Men det skjer ikkje i eit tomrom, ho er med i eit livsviktig søsterskap.
Caroline Marita Omberg fortel om åra som strippar og pornoskodespelar, det var lærerike år. Nå slår ho fast at behovet for å kle av seg er blitt erstatta av eit behov for å kle av kjenslene. Kanskje har ho levd ut Suzanne Brøggers prosjekt om å fri oss frå kjærleiken og den monogame kannibalismen. I alle fall er dei to samde om at ein kan få eit rikare liv ved å risikere noko. Feminist er ho blitt og foredragshaldar: Ho reiser rundt og snakkar med ungdom om skilnaden på sex og porno.
Og behovet for å kle av seg er slett ikkje Omberg åleine om, som vi kvar dag er vitne til. Maria Kjos Fonn, aktuell med boka Kinderwhore, spør i artikkelen «Kropp til salgs»: «Hvorfor skal så mange kvinner kle av seg for å bevise at de også er gode nok? God nok for hvem?»
Gjennom popbandet Spice Girls skjønte spaltist Maren Fuchsia Celius-Blix tidleg at samhald mellom jenter har enorm verdi, «og at vi ikke skal måtte trenge menns bekreftelse for å føle oss bra». Det å inkludere Spice Girls i det kvinnefrigjerande selskapet minner meg om noko Synnøve Lindtner i 2014 tar opp i doktoravhandlinga si om feministbladet Sirene. Bladet vart kritisert for ikkje å vera feministisk nok. Lindtner rettar skytset tilbake mot feministar som ikkje forstår kva det vil seia å popularisere kjønnsproblematikk. Lindtner er nå i gang med å forske på NRK-serien Skam, og ho ser fellestrekk mellom Sirene og Skam: Begge ville engasjere publikum personleg, i tekster dei kan kjenne seg att i, med samtaler om privatiserte og tabulagde dilemma. Og som ho skriv: «Om dette endrer verden, er en helt annen sak. Men det er kanskje en forutsetning.»
Eg undrar meg først over kvar journalist Sigrid Sollund skal ta oss med, ho lèt til å sjå kvinnekampen frå eit fjernt utsiktspunkt. Ho fortel om ein udramatisk barndom etter at foreldra skilde seg da Sigrid var tre. Mora var ingen feminist, men erfaring tilsa at dottera fekk prenta inn ein sentral parole frå 70-åra: Gjer deg aldri økonomisk avhengig av ein mann. Eg noterer at ho er motstandar av kvotering, som ho meiner skaper ubehag blant mange kvinner. Eg vil minne om at menn stadig får jobben fordi dei er menn – ei slags medfødd kvotering. Det ser ikkje ut til å plage dei.
Men Sollund er tenksam, og ho representerer mange. Ho strekkjer ut ei hand til dei som ikkje hevar stemma, til dei som er redde for å stå til ansvar overfor eit kollektiv. Likevel – med #metoo fekk Sollund augo opp for innhaldet i ordet solidaritet.
Kvinner som offer
Heime hos forfattar Åsne Seierstad mangla ikkje opplæring i kvinnekamp. Ho har tilsynelatande gått gjennom livet utan ein einaste kjønnsrelatert motbakke, og kanskje skal mykje av æra for det tilskrivast mor hennar – 70-talsfeministen Frøydis Guldahl. Det er opplagt av stor verdi å få poda inn i seg at alt ein mann kan gjera, kan også ei kvinne gjera. At Seierstad i intervjuet med henne og mora seier at ho aldri har opplevd seksuell trakassering og derfor må underskrive med #notme, er det berre å juble storøygd for.
Journalisten Åsa Linderborg er henta inn frå Sverige. Ho heller malurt i begeret til dei som feirar #metoo. Ho ser kvinner i kneståande rundt seg – #metoo gjer kvinner til offer, det er eit fornedrande kvinnesyn som ligg til grunn for denne rørsla, at kvinner er så svake at dei ikkje har noko anna val enn å tilfredsstille menns begjær. Kanskje ser det annleis ut i Sverige? Ho er sjølv inne på tanken, at ho ser på #metoo i svensk kontekst, det mest likestilte landet i verda, der «vi har en svakhet for offertenkende, hjelpeløse, utsatte grupper som de gode kreftene kan forbarme seg over og forsvare».
Ida Jackson, på sin kant like kvass i replikken som den svenske feministen, har parolen for vegen fram som må glede Linderborg: «Vi må dælje til.»
Nå ventar vi på at menn set flomlyset på den mannlege seksualiteten. Dei vil få hjelp av kanadiske Stephen Marche: The Unmade Bed: The Messy Truth about Men and Women in the Twenty-first Century. Så kan dei gå til De polyglotte elskerne av Lina Wolff og sjå om dei kjenner seg igjen i det mannlege blikket ho skriv om – eit blikk som ikkje ser kvinner som individ, men dømmer dei ut frå kor seksuelt attraktive dei er.
«Feminismen er blitt så vanskelig å forstå», seier svigermor til redaktør Helena Brodtkorb. Nå får ho hjelp gjennom denne boka, som går djupare inn i det kjønnspolitiske rommet, med overskrifter som «Kroppen snakker ut», «Kan man fri seg fra det mannlige blikket», «Kropp til salgs». Samstundes kjenner vi ordet tilbakeslag. Redsla er der for at dette skal bleikne, visne. At vi skal miste sjansen til å koma kvarandre nærare i gjensidig respekt. Det er ein draum å bera på, og ei sak å kjempe for. For kvar hadde jenter og kvinner vore utan dei som vågar, utan solidariteten. Det minner Det skjer nå oss om på ein varm og utfordrande måte.
Astrid Brekken
Astrid Brekken har vore programleiar i NRK og var i 1970-åra med på å skipa feministbladet Sirene.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvar hadde jenter og kvinner vore utan dei som vågar, utan solidariteten?
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.