Eigedomsretten til mennesket
Colson Whitehead har skrive ei skakande forteljing om slaveriet, med historisk medvit og dramaturgisk teft.
ROMAN
COLSON WHITEHEAD:
Den underjordiske jernbanen
OMSETT AV KNUT JOHANSEN
KAGGE FORLAG
At eigedom er tjuveri, er eit faktum som berre er synleg for den eigedomslause. Eller som Marcus Tullius Cicero skreiv: Summum jus, summa injuria. Den høgste retten er den høgste uretten. Mykje har vore rett etter lova opp gjennom tidene, mellom anna slaveri, men ettertida har stundom konkludert med at lova var eit brotsverk. Det var forresten neppe Cicero sjølv som skreiv ned det om den høgste retten. Det var vel helst slaven hans, Marcus Tullius Tiro. Men Cicero gjorde Tiro til ein fri mann, det skal seiast!
OPPRIVANDE FORTELJING
Med romanen Den underjordiske jernbanen har Colson Whitehead skrive ei opprivande forteljing om slavesystemet i USA. I boka møter me Cora, ei ung jente som er slave på bomullsplantasjen til brørne Randall – James og Terrance – i Georgia ein gong på 1800-talet. Tilhøva er forferdelege, valden utspekulert og skrekkeleg. No og då prøver ein slave å rømma, men han eller ho eig ikkje seg sjølv etter lova, og dei fleste vert fanga av folk som lever av slik verksemd, altså som slavefangarar, til dømes Ridgeway, ein sann meister i faget. Når slaven så kjem attende til den «rettmessige» eigaren sin, ventar det han eller henne til dels grufulle straffer. Særleg Terrance Randall syner stor kreativitet når det gjeld å pønska ut groteske måtar å seigpina eignelutane sine til døde på. Forfattaren skildrar desse hendingane tørt og kjenslelaust, og berre såleis kan vel lesaren forstå den tida og det systemet boka handlar om. Ein les elles med slik lærdom ein har tileigna seg i si eiga tid, og ser med gru på den vantande medkjensla og humaniteten til folk som høyrde til i ein annan epoke. Ein identifiserer seg ikkje med slaveeigarane, og kjenner seg difor rein og rettvis, utan å undersøka om lovene ein sjølv lever etter representerer ein endeleg etisk fasit, og likeins utan å stilla seg viktige spørsmål om saka, til dømes slik: Korleis hadde eg tedd meg, om eg åtte ein bomullsplantasje i sørstatane før borgarkrigen? Ja, det var no eit dårleg døme, forresten, ein betre versjon er slik: Korleis hadde du tedd deg?
Ein kjenner att ei moralsk rett handling ved å sjå henne som eit ålment prinsipp ein kan godta, med andre ord: Gjer mot andre slik du vil at andre skal gjera mot deg. Problemet under slaveriet var at plantasjeeigarane ikkje såg på slavane som andre, men som eigedom.
SOM SKAPT FOR FILM
Romantittelen syner til eit omgrep nytta om fluktruter for slavar i USA, og det var ein jernbane slik Shetlandsbussen var ein buss. Men Whitehead diktar opp ein røynleg underjordisk jernbane med skinner og vogner, resultatet av eit enormt slit utført av anonyme slaverimotstandarar. Og kanskje er det eit godt bilete på det personlege offeret og det store motet til dei som fungerte som losar langs fluktrutene. Elles minner dette grepet om slikt ein kan finna hjå den russiske forfattaren Vladimir Sorokin, men hjå Whitehead står denne konkrete utgåva av ein metafor heilt åleine i teksten, som det einaste medvitne brotet med realismen, og såleis får lesaren noko å gruvla over. Elles tykkjer eg at nokre av personane vert litt for outrerte og karikerte, som Terrance Randall, men det er driv i forteljinga, det er liv og farge, spenning og intelligent dramaturgi, og romanen er som skapt for film, for det vesentlege ved ei bok som denne går ikkje tapt ved overføring til eit anna medium.
ODD W. SURéN
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er liv og farge, spenning og intelligent dramaturgi i denne romanen.
Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.