JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Eit føredøme for historiefaget

Bjarte Brulands bok Holocaust i Norge er vorte eit standardverk om det norske holocaust.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Holocaust-boka til Bjarte Bruland er eit godt døme på korleis ein kan skrive populært i historiefaget.

Foto: Dreyer

5160
20171020
5160
20171020

HISTORIE

Bjarte Bruland:

Holocaust i Norge. Registrering. Deportasjon. Tilintetgjørelse.

Dreyer

Holocaust i Norge er ei bok som tek lesaren med inn i dei aller mørkaste kapitla i nyare norsk historie. Det skjer på ein endefram måte, av ein historieforteljar som kan faget sitt, og som får lesaren til å hengje med i svingane, utan å forenkle eller overdrive. Det er ei bok som gjer det ho seier ho skal gjere, nemleg å gje oss som les boka, eit tilnærma komplett bilete av jødeutryddinga i Noreg mellom 1940 og 1945.

Dødeleg byråkrati

Dei tre første kapitla i boka set opp bakgrunnen for den kronologiske gjennomgangen som kjem. Sjølv om denne meldaren kanskje helst ville ha sett fleire samanlikningar mellom det norske okkupasjonsstyret og tilsvarande regime i andre land, gjev denne innleiande analysen lesaren likevel nok stoff til å forstå kva som skjedde i Noreg, og kvifor. Det kan likevel ikkje vere tvil om at fleire og meir detaljerte samanlikningar med tilhøva i andre tyskokkuperte land kunne ha løfta analysen av hendingane i Noreg.

Skildringa av korleis ulike offentlege etatar vart organiserte etter den tyske hærsetjinga, er eit sentralt element i denne innleiande analysen. Her vert lesaren presentert for eit system som i løpet av kort tid vart gjennomsyra av nazistiske tenkjemåtar og organisasjonsprinsipp.

Vi møter òg ein norsk stat som, som det tyske byråkratiet på same tid, vart sterkt prega av uklåre grenser mellom administrasjon og politikk, og etter kvart òg mellom stat og parti. I tillegg kjem dei ofte utydelege tilhøva mellom det tyske og norske byråkratiet, som kunne skape rom for generell ansvarspulverisering og hopehav mellom overtydde nazistar i ulike, leiande roller. Bruland legg ned ein stor innsats berre her, i å gje kortfatta og ryddige framstillingar av korleis dei mest relevante delane av offentleg sektor i Noreg vart «nyordna» under okkupasjonen.

Her nærmar vi oss òg det som er noko av ein berande tese i boka, nemleg at norske statstenestemenn, i politiet og ei rad andre etatar, slett ikkje var svake og forvirra aktørar som med nokre unntak berre gjorde det som tyskarane gav ordre om. I staden møter vi i Brulands framstilling eit framoverlent norsk byråkrati, som på ein proaktiv måte, med minimalt av svinn og sommel, bidreg til å mogleggjere og gjennomføre registreringa og deportasjonen av den jødiske minoriteten i Noreg.

Gradvis tilstramming

Tyngdepunktet i boka er likevel den kronologiske framstillinga, frå den innleiande kartlegginga av dei norske jødane og verksemdene deira, som tek til alt i dei første dagane etter hærsetjinga, til den endelege deportasjonen to og eit halvt år seinare – hausten og vinteren 1942, og utover i 1943. I denne bolken, som strekker seg over tre kapittel, legg Bruland vekt på den gradvise tilstramminga av tilhøva for jødane i Noreg.

Prosessen gjekk likevel raskt for seg, sidan det norske statsapparatet ikkje berre gav etter, men òg tok til seg den nazistiske politikken overfor jødane. Dermed kunne den gradvise tilstramminga fortsette nærast utan avbrot og forseinkingar. Vendepunktet, seier Bruland, var den særskilte registreringa av jødane, som gjorde det mykje enklare å gå frå «einskilde» aksjonar og diskrimineringstiltak til meir systematisk klappjakt på den jødiske folkegruppa.

Framstillinga til Bruland stoggar likevel ikkje med deportasjonane i 1942 og 1943. I staden tek forfattaren òg med hendingane etterpå, mellom anna historia til dei av jødane som flykta eller på andre vis klarte å sleppe unna. Han tek også lesarane med inn i historia om kva som skjedde med eignelutane som vart att i Noreg då dei norske jødane vart bortførte utanlands.

Bokas nest siste kapittel tek for seg rasepolitikken til norske styresmakter under okkupasjonen, og ulike forsøk på å berge dei norske jødane frå utryddinga som gjekk føre seg på kontinentet. Her møter vi igjen eit byråkrati som er glad i å lage detaljerte reglar, men som likevel er prega av dei ofte kaotiske tilhøva mellom dei ulike delane av statsapparatet og okkupasjonsmakta. Det siste kapitlet er ei nokså fyldig oppsummering, som likevel gjev eit godt samandrag av boka.

Eit føredøme

Sjølv ikkje eit noteapparat og ulike vedlegg på til saman over to hundre sider er med på å stogge lesargleda. Snarare tvert imot har lesaren her fått eit oppslagsverk som gjev svar på det meste av det ein måtte lure på. I sum har altså både forfattaren og forlaget lagt ned ein stor innsats for endeleg å få ut eit standardverk som er både uttømmande og tilgjengeleg.

Holocaust i Norge er med andre ord eit særs godt eksempel på korleis ein i historiefaget kan skrive populært, utan at det treng å gå ut over detaljane eller djupna i analysen. Anten ein les boka som interessert amatør eller som forskar, vil ein her finne akkurat den detaljerte innføringa i temaet som vi i Noreg til no har sakna.

Dag Einar Thorsen

Dag Einar Thorsen er fyrsteamanuensis i statsvitskap ved Høgskulen
i Søraust-Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Lesaren har fått eit oppslagsverk som gjev svar på det meste av det ein måtte lure på.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis