Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Endepunkta

Helene Imislund skriv korthogne og tydelege dikt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Helene Imislund har skrive si første diktsamling.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

2416
20180831
2416
20180831

Dikt

Helene Imislund:

Spredte døtre

Cappelen Damm

Boka Spredte døtre av diktdebutanten Helene Imislund er delt i tre bolkar. Den første delen handlar om ein kreftsjuk person, den andre om ei 92 år gamal kvinne som skal flytte på heim. Den avsluttande bolken dreiar seg om ei yngre kvinne som må syte for gravferda til ein fjern og ukjend slektning. Kvinna kan mellom anna omskrive gravferda i kvardagslege vendingar, slik: «nå er vi beredt/ til å si farvel igjen/ vinke etter en buss som gikk/ for flere dager siden».

Lagnadane dikta faldar ut, kan nok vere spreidde i tid og rom, men som døds- og sjukdomsforteljingar, der livsslutten er i søkjelyset, slektar dei på kvarandre. Ein kan også seie at dei tre delane trinnvis tek for seg sjukdomen, alderdomen og døden, silte gjennom tre skilde subjekt.

Foredla

Dikta til Imislund, som kombinerer sansingar og stutte refleksjonar, kastar lesaren inn i stemningar og betraktningar som det store ombrøytet forårsakar. Sjukdomen og døden set lys på og intensiverer tidsgangen og gir ofte kvardagsgjenstandar eit særleg lys.

Motsetnaden som lurar i desse dikta, og for så vidt i all litteratur som handsamar problem, er at sjukdom, liding og død gjer mennesket avmektig, medan det å skrive er ei livgjevande og skapande verksemd. Kanskje kan ein hevde at Imislunds dikt også er så godt formulerte at smertetrykket og tankane verkar foredla.

Mininoveller

Helene Imislund skriv tilgjengeleg, og ho nærmar seg prosaforma. Den forteljande impulsen som trer så godt fram i samtidslyrikken for tida, vert i denne samlinga ført hakket vidare. For jamvel om tekstane er tilknappa og har ujamn høgremarg, kan ein likevel augne tre mininoveller her. Imislund er altså ikkje ein poet som ser det som ei hovudoppgåve å lage einskildståande, lysande språkbilete; ho skapar heller røyster og personar.

Dette står ikkje i vegen for at originale språkbilete glepp fram, dei kan til og med vekkje humring når det trivielle gjer seg gjeldande: «her jeg sitter/ drypper urinrøret/ stille og ujevnt/ et timeglass som har sluttet/ å bry seg med tiden/ øyelokket henger tungt/ kommer til å lukke seg selv/ når jeg slutter å holde dem oppe».

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Den forteljande impulsen som trer så godt fram i samtidslyrikken for tida, vert i denne samlinga ført hakket vidare.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis