Evig i svevet
Endre Ruset har skrive ei god og sjarmerande bok som krinsar rundt skihopparen Noriaki Kaisai.
DIKT
Endre Ruset:
Noriaki
Flamme forlag 2017
Poeten Endre Ruset har skrive ei diktbok der den japanske skihopparen Noriaki Kaisai, framleis aktiv i ein alder av 43 år, er omdreiingsfiguren. Det finst fleire enkeltdikt om idrettsutøvarar i norsk litteratur, men det er heller sjeldan at ein enkeltutøvar vert vigd ei heil diktbok.
Kaisai, som blei verdsmeister i skiflyging i 1992 og fekk sylvmedalje i OL i Sotsji, er par excellence slitaren i hoppsporten. Mannen i den gule hoppdressen, som har sagt han skal halde på til han er 54 år, må ha ein heilt spesiell indre kjærleik til skihoppinga. Sidan det finst døme på skihopparar som har krasjlanda i livet etter dei har lagt opp, finst det jo éin grunn til å halde seg svevande.
Stramt format
At skihoppet står kunsten og litteraturen nær, og fort kan verte til bilete på livet, eller på diktet sjølv, er tvillaust. I alle fall når ein tenkjer på hoppets ulike fasar, altså på fråsparket, svevet og nedslaget.
Det er sjølvsagt ikkje skihopparen Noriaki som gjer desse dikta, det er poeten Endre Rusets suverene handtering av språket i det strame formatet. Sidan kvar av dei korte, trelina strofene inneheld namnet Noriaki, nærmar namnet seg sverjinga. Effekten er at namnet så å seie vert tømt for tyding, stilt klar til å fyllast med anna innhald av poeten: «Alt er Noriaki/ om du ser/ lenge nok». Han vert mellom anna sett som fugleunge, dikt, regndråpe, forfattar, einsam og eit leikande lite, sårbart barn: «nedsnødd unnarenn/ Noriaki på rygg/ lager snøengel».
Ekstra oppdrift
Jamvel om Noriaki vert til eit teikn med evne til å forvandle seg, held Ruset seg nøye krinsande rundt den mystiske hopparen, legenda Noriaki. I botnen av diktremsene ligg det frå Rusets side ein like djup og omfemnande kjærleik til skihopparen, eller, om ein vil, til poesien, som Noriaki sjølv syner andsynes skihoppinga. Og Rusets skjulte poesireferansar gir dikta ei ekstra oppdrift.
Typografisk er det V-stilen som gjeld. Dikta på høgre- og venstresida dannar til saman ein V, altså forma til hoppskia sett frontalt. Dei tre dikta på sida har ei diagonalt fallande rørsle, og mimar sjølve svevet eller konturen av hoppbakken. Enkelt og verknadsfullt.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast lyrikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Typografisk er det V-stilen som gjeld.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.