Bøker

Feilbar-lege

Ingvild Skølt har skrive ein frisk og levedyktig debutroman.

Ingvild Skølt bur og arbeider som lege i Honningsvåg. No debuterer ho som romanforfattar. Foto: Johannes Foslund
Publisert

I Du vil kjenne eit lite stikk møter vi Hanne som er komen seg plettfritt gjennom medisinstudiet, no er ho i turnus på Granmo sjukehus, ein liten plass i landet. Her skal ho komme til å møte opp- og nedturar, joggeturar og tullturar. 

Som stotrande pasient hos ein allvitande lege tenker ein kanskje ikkje over at legen òg kan vere usikker, kan hende ikkje alltid allvitande. Som i andre yrke er fagkunnskapen boren av menneske, og menneske er ikkje ufeilbarlege.

Hanne er fersk som lege, og sjølv om ho har eit godt grunnlag, er det ikkje opplagt kva kvar einskild pasient lir av. Om ein kallar det puslespel eller detektivarbeid – det er lett å få sympati for tvilen og uroa Hanne kjenner på, og den ljomande ansvarskjensla. 

Ein to år gammal gut med feber, ei suicidal 36 år gammal kvinne, ei 92 år gammal dame med fordommar, kollegaer med og utan baktankar – kvardagen er aldri lik.  

Hanne opplever seg i starten bakpå, på sida av etablerte rutinar og den interne humoren: «’Jeg orker bare ikke at folk er helt Håvik’. Yvonne ler høgt nok for dei begge to, Hanne tek ikkje referansen.»

Ein føflekk smiler ikkje

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement