Filmåret 2018
Over 200 filmar har gått på norske kinoar i år. Likevel er Dag og Tid-meldarane bra samde om at berre nokre få filmar hevda seg.
Den mest overraskande, kulaste og lettast tilgjengelege av filmar som ikkje kjem frå Hollywood, var i år Grensen av Ali Abbasi, skriv Brit Aksnes. Tollaren Tina (Eva Melander) vert interessert i Vore (Eero Milonoff).
Kinoåret 2018 baud på flotte filmar frå flust av land. Romanske språk og breiale born var spesielt i støyten.
Latinsk
Sør-Italia stod for to av dei store opplevingane i kinosalen i år. Dogman av Matteo Garrone reiv tak i meg frå første sekund og sleppte aldri. Det var heilt rett at Marcello Fonte fekk prisen for beste skodespel i Cannes for rolla som hundeelskaren som står framfor ein real manndomsprøve. I A Ciambra av Jonas Carpignano spelte vesle Pio Amato stort i ei vakker og medrivande forteljing om vegen mot ei mørk mannsrolle for romguten.
Barneskodespel av høg klasse finn ein òg i katalanske Sommer 1993 av Carla Simón. Sjeldan bidreg lyddesign og kameravinklar så stilfullt til å styrke perspektivet til barn. Langt eldre er damene som finn nye roller i eit endra Paraguay i Arvingene av Marcelo Martinessi. Årets einaste latinamerikanske film på kino i Noreg var den første nokosinne frå Paraguay, og eit kjærkome tilskot med solid skodespel og fine figurar frå eit lite filmland.
Filmfront
Iran har stolte og sterke tradisjonar og var i år representert med Mohammad Rasoulof og Mannen mot strømmen. Smart manus og skodespel med ei mengd fasettar i eit verk med store dimensjonar og politisk brodd. Det sosiale stod i fokus for Sean Baker med ei fargesprakande frekk og stilig barndomsskildring frå solskinsstaten i The Florida Project. Aldri eit år utan god film frå USA.
Andrej Zvjagintsev frå stormakta Russland stod som vanleg for kvalitet og krass kritikk med Savnet, der born ser ut til å vere til sjenanse for ein middelklasse som vil ha meir.
Grenseland
Eit anna stort slavisk filmland er Polen. Pawel Pawlikowski gjekk for utsøkt svartkvit stil med Cold War som med Ida, og resultatet er minst like bra i ei treffande tidsskildring frå aust til vest som samstundes kjennest som ei tidlaus kjærleikshistorie. Tyske Valeska Grisebach reiste austover til Bulgaria med Western, ei utmerkt utforsking av kulturforskjellar som får herlege historiske hint av tittelen.
Her i nord slo svenske Grensen av Ali Abbasi andre sterke kandidatar i ein forfriskande variasjon over nordisk mytologi og store spørsmål i samtida. Filmen er skikkeleg underhaldande og mørk. Abbasi vågar å gå nye vegar og er ei kjærkomen skandinavisk stemme.
Årets norske
Blindsone av Tuva Novotny og Utøya 22. juli av Erik Poppe greidde båe å skape stor spenning med eit strengt formelt grep. Regissørane formidlar sterke kjensler og har mykje på hjartet.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Det er mykje som er rote i USA i dag, politisk som sosialt. Dei beste filmane frå USA i 2018 har det til felles at dei på sin særeigne måte viser kva filmmediet kan seie om samtida – og fortida – jamvel utan å vere på kontinentet.
Underhaldning
Superheltfilmen Black Panther, om den fiktive staten Wakanda, leikar med tanken om eit afrikansk land urørt av kolonialisme. Forutan å vere politisk og (kontra)historisk interessant er filmen suveren underhaldning. Satiren i Sorry to Bother You treffer endå sterkare. Filmen er eit oppkome av idear, ein filmatisk leik som er vittig, kreativ og underhaldande, utan å skyve bort samfunnskritikken.
Det same gjeld The Florida Project, der vi gjennom blikket til seks år gamle Monee ser fattigdomen på eit lurvete motell i Disneyland. På rørande vis viser filmen to sider av USA, med årets mest gripande slutt. Det siste i tevling med coming of age-dramaet Call Me By Your Name, om 17 år gamle Elios kjærleikssorg over ein mann.
Sterke inntrykk
To filmar som lukkast med å satse på lengde for å risse slutten inn i medvitet, er Roma og Burning, av høvesvis Alfonso Cuarón og Lee Chang-dong, to av dei fremste regissørane i vår tid. Då må eg òg trekke fram Andrej Zvjagintsev med Savnet, ein hjarteskjerande film om eit kjærleikslaust ekteskap og ein son som forsvinn.
Ein annan film som pressa fram tårene, var A Star Is Born. Av smalare film var tyske Western ei strålande nyvinning i cowboymytologien. På den skandinaviske fronten var det eventyrlege og trolske Grensen som gjorde sterkast inntrykk.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Som vanleg er det dei såkalla smalare filmane som utmerker seg for min del, med eit par heiderleg kommersielle unntak.
Utlandet
Når eg sit og skal oppsummera eit år der over to hundre filmar har hatt premiere, og eg har sett kring halvparten av dei, endar det ofte med ei litt klisjéaktig, pretensiøs liste over filmklubbmateriale med feinschmecker-snobbefaktor. Men då må eg seia som eg har sagt før: Me får servert all driten Hollywood maktar å spy ut, men berre ein brøkdel av produksjonen i land som også lagar mykje film.
Og om ein film frå Irak, Libanon eller nabolandet Sverige klarar å gjera seg gjeldande, er sjansen ganske stor for at nett denne er betre enn det hollywoodske gjennomsnittet. Den mest overraskande, kulaste og lettast tilgjengelege av desse var for min del svenske Grensen (regi: Ali Abbasi) i år. Eventyrleg og sosialrealistisk på ein gong, det er bra gjort. På same måte var eg imponert over den danske filmen Den skyldige (regi: Gustav Möller), kanskje fordi eg ikkje er så skarp at eg ser kven mordaren er i mine kjære krimseriar, noko som hjelper når plottet er basert på at ein skal verta overraska over slutten…
Barnleg
Norske Blindsone (regi: Tuva Novotny) klarar å laga action ved å dvela enormt lenge ved berre sanntid og ansiktsuttrykk, noko som fungerer over all forventning. Fornærmelsen (regi: Ziad Doueiri) viser også at det ikkje skal styrtande bygningar eller biljakt til for å laga spenning, slik det er her mellom dei to libanesiske naboane. I Ut av intet (regi: Fatih Akin) blir spenningane også bygde opp rundt ein personleg tragedie, men med terror som bakteppe. Det må ein jo også tola å sjå, særleg når det blir gjort så bra som her.
Årets mest hjarteskjerande og hjartesjarmerande står mellom The Florida Project (regi: Sean Baker), Kapernaum (regi: Nadine Labaki) og Sommer 1993 (regi: Carla Simón), alle tre hjelpte med ungar i hovudrollene. Historiene er ulike, men dei har til felles at små barn blir stilte overfor val som ein bør vere vaksen for å takla. Dei er samstundes morosame og varme, så total misere er det ikkje snakk om.
Men av og til skal kino vera rein underhaldning òg, og ein av dei mest gledelege for meg i år, var Bohemian Rhapsody (regi: Bryan Singer). Då skal det seiast at min ungdommelege kjærleik til Queen nok verkar tungt inn. På toppen av «guh, kor eg koste meg!»-lista, tronar kunstløpets femme fatale Tonya Harding. Tre gongar såg eg filmen på kino. Kvifor? Nokre gongar er det berre summen av ein heil haug med faktorar som stemmer – Margot Robbins i hovudrolla, papegøyen på skuldra til mora, dramaet eg hugsar frå Lillehammer 1994, med meir. Eg eeeelskar I, Tonya (regi: Craig Gillespie).
Årets norske
Utanom før nemnde Blindsone hadde eg sansen for Harajuku (regi: Eirik Svensson), ein film som klarte å nyansera barnevernsproblematikk, psykisk sjukdom og hovudstaden på same tid. Now It’s Dark gjekk endå lenger i å gje ein by hovudrolla, og Stavanger har aldri sett betre ut (regi: Arild Østin Ommundsen).
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.