Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Drama
Regi: Rúnar Rúnarsson
Ljósbrot
Med: Elín Hall, Katla Njálsdóttir, Mikael Kaaber
Kinofilm
Ein tunnelbrann tek livet av kjærasten til Una. Det er berre det at han var på veg heim frå Reykjavík til bygda for å gjere det slutt med den førre kjærasten, Klara. Sistnemnde kjem til byen i sorg, utan å vite at Una ber same sorga. Vi følgjer vennegjengen dagen etter døden. Una kjenner ei særskild einsemd i fellesskapet.
Kjensler
Miljøet av unge kunststudentar taklar tapet kvar på sin måte. Alle har sitt eige forhold til vennen som gjekk bort for tidleg. Nerven i filmen ligg i korleis Una manøvrerer si eiga sorg saman med alle, men i skjul. Ho ser dei andre. Ho ser seg sjølv. Det krev mykje av skodespelar Elín Hall, og sanneleg leverer ho med ei massiv rolle.
Anten ho held att eller slepper laus, er mimikken perfekt. Kjenslene tyt ut av den tynne huda hennar. Una har slåande spinkel fysikk, tøff stil, og er sjølvsikker, men sårbar. Elín Hall blei nominert til ein Edda-pris for hovudrolla i Let Me Fall av Baldvin Zophoníasson i 2019. Rolla som Una vil bli ståande som ein triumf av eit internasjonalt gjennombrot. Heile ensemblet har truverdig ungdommeleg energi. Kontrasten og likskapen mellom Una og Klara er engasjerande emosjonelt og estetisk taktfull.
Fargar
Sophia Olsson står for glitrande foto. Det gjorde ho òg for same regissør med slåande tablå i Echo (2019) og ei anna taktilt vakker skildring av ungdom i Småfugler (2015). Med foto på fleire filmar for svenske Amanda Kernell og danske Andreas Koefoed er Olsson i eliten av kamerafolk i Norden. Filmtypen super 16 mm får fram fargane. Dei skin i skumring og solnedgang, og i det raudlege håret til Una. Elegant bruk av glas og speglar gjev gjenskin for kjenslene hennar. Arkitekturen spelar ei viktig rolle. Hallgrímskirkja med sakral korsong er stort. Musikken og stilla er sterke. «Odi et Amo» av Jóhann Jóhannsson er mektig.
Ljósbrot er fort over. Før du veit ordet av det, står sola opp igjen. Forteljinga er stram, effektiv og tydeleg, sjølv om ho har fleire lag. Filmen talar til noko djupt, grunnleggjande. Eg kjenner eit streif av Ingmar Bergman, mellom anna i ei scene som kopierer og hyllar den mest ikoniske scena frå Persona. Det performative og dei ekte kjenslene spelar snedig saman. Dei islandske kunstspirene druknar sorgene i vodkashots, på veg mot livet vidare.
Den skrint folkesette øya har stadige utbrot av kunstnarisk talent. Ljósbrot er eit praktdøme på det. Skål for Elín Hall og Rúnar Rúnarsson!
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.
Foto: Sigbjørn Berven
Solide røter
Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.
Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.
Foto: Cappelen Damm
Den tunge kampen mot bileufori
Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.
Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.
Foto: Jim Watson / AFP / NTB
Trump ord for ord
Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.