Den tunge kampen mot bileufori
Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.
Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.
Foto: Cappelen Damm
Sakprosa
Eivind Trædal:
På ville veier
Cappelen Damm
Bøker som tek for seg samferdslespørsmål, må ønskjast velkommen. Dette er verkeleg eit felt som treng ein opplyst debatt. Eivind Trædal har skrive ei ambisiøs bok sett i lys av at feltet er særs vidt og konfliktfylt og involverer det monumentale problemkomplekset i vår tid: natur, klima, miljø. Det er nok å nemne arealkonfliktane. Striden mellom trafikantgrupper og mellom politiske ideologiar ligg oppe i dagen. Dette har Trædal erfart personleg, saman med kona Lan Marie Berg, som MDG-politikar i Oslo.
Korleis kjem så Trædal frå denne oppgåva? Godt. Det er eit partsinnlegg frå miljøsida, men eg tykkjer det er godt fundert i realitetane. Han kunne arbeidd meir med disposisjonen, framstillinga kunne vore ryddigare. Layout med faktaboksar ville gjort seg. Det er ei debattbok som er avhengig av mykje faktastoff for å fungere.
«Dette er ei bok ein kan bli litt trist av.»
Utslepp frå transport
Trædal skildrar korleis samferdslefeltet på forunderleg vis er lite prega av nye premissar frå klima, natur og miljø. Dette gjeld vegpolitikken nedfelt i nasjonal transportplan (NTP), laga av Statens vegvesen (vegdirektoratet med seks spesialiserte divisjonar). Da den siste fireårige planen vart lagd fram i fjor, vart det slått alarm frå Transportøkonomisk institutt, som meinte at planen fører oss bort frå klimamåla. NTP var ikkje ein plan, men framskriving av ei historisk utvikling.
Boka syner at dette bør bekymre nokon kvar, sidan transport er den største kjelda til CO2-utslepp og gjev tunge bidrag til støy og forureining som mikroplast.
Institusjonalisering
Min kommentar til dette vil vere at det er noko forstokka over Vegvesenet (noko ein også kan seie om andre direktorat). Direktorat er per definisjon ein organisasjon med godt kvalifiserte fagfolk der mange har lik utdanning. Dei er institusjonar som typisk utviklar sterk intern kultur over tid. Dette gjer dei tunge å styre politisk.
I Vegvesenet er denne kulturen rotfest i privatbilismen. Å skulle slutte å bygge motorvegar fell ikkje akkurat i god jord når mykje av eksistensen til direktoratet er grunna i bilen. Dette må vere forklaringa på at institusjonen, som altså per definisjon skal vere reiskap for den politiske viljen, trenerer og delvis ignorerer politiske føringar. Trædal gjer grundig greie for dette. Med støtte i Riksrevisjonen kritiserer han også den slåande mangelen på samordning mellom transportetatane.
Boka er innom alle transportområda, sjølvsagt også nederlaget for toget kopla med sigeren til flyet. Den raude tråden er at natur- og miljøomsyn taper systematisk. Framstillinga er common sense-prega, mange vil følgje tenkinga til den grøne politikaren når han ropar ut si fortviling over absurditetar på feltet: Avinor og taxfreesystemet, 110 km/t gjennom åkrar, fragmentering av jarnbanen, der selskap og instansar utgjer eit salig virvar for utanforståande.
Trædal bygger naturleg nok på Oslo-erfaringar der det raudgrøne byrådet oppnådde ein heil del. Mindre bil – meir sykkel, endring av vanar. Men kan Oslo vere modell? Trædal har truleg rett i at dei større byane kan lære av Oslo, men landet er langt og kjærleiken til bilen stikk djupt.
I 1960-åra verka bilen utjamnande, han vart allemannseige. I boka til Eivind Trædal manglar dette bakteppet av bileufori, skriv Gjermund Bakkeli Haga. Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB
Eimen av eksos
Om eg sjølv ser attende, så var 1960-åra det store biltiåret. Brått hadde «alle» bil. Og den gleda som bilen førte med seg! Eimen av eksos var rusande. Det kan vel knapt finnast eit betre døme på modernitet, les: framgang, enn bilen. Bilen verka utjamnande. Allemannseige. Dette var før det vart synberre skilnader på folk. Alle var like i sin bil. Mot kjensler kjem argument ofte til kort. For mange er bilen som ein kroppsdel, ein ekstra fot.
I Trædals bok manglar dette bakteppet av bileufori. Kanskje har vi til ein viss grad ei generasjonskløft. Trædal kunne ha vigd meir plass til den mentale biten, eit råd til miljøsida om å syne respekt for at bilen har betydd enormt mykje for mange, eit privat gode det er tungt å gje slepp på.
Det handlar dels om retorikk. Dagens ordskifte kan minne om ein uforsonleg krigstilstand. Folk er ikkje dumme, mange skjønar reint sakleg at vi må ha ein ny politikk, og at bilen må vike. Miljøsida bør ikkje opptre dømmande, ein må slipe kantane for å få ein framtidsretta politikk. Det å utforme ein samferdslepolitikk der bilen blir degradert, blir å likne med ein Herkules-dåd som krev sterk politisk vilje. Det er lett å seie seg samd med forfattaren i at ein opplagd stad å byrje er å gjere kollektive reiser billege kopla med dyrare bilbruk.
Dette er ei bok ein kan bli litt trist av. For eigentleg får vi her ei skildring av defektar ved folkestyret vårt: politikkens avmakt. Politikarane har plassert seg sjølve på sidelina og evnar ikkje å ta styring på eit heilt vitalt felt i samfunnet vårt. Dette er trendar skildra alt i maktutgreiinga av 2003, der fragmentering og byråkratisering var grundig påvist.
Gjermund Bakkeli Haga
Gjermund Bakkeli Haga er statsvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»