Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Kvikkgull

Ein polert storfilm som yter Freddie Mercury rettferd i all si pompøse prakt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rami Malek spelar godt i rolla som Freddie Mercury.

Foto: Alex Bailey / Fox Film

2548
20181102
2548
20181102

Biografisk drama

Regi: Bryan Singer

Bohemian Rhapsody

Med: Rami Malek, Lucy Boynton, Allen Leech

Queen, eit av dei mestseljande, listetoppande banda i popmusikken, hadde òg ein av dei mest markante frontfigurane i pophistoria. Dette er filmen om Freddie Mercury og bandet han måtte ha i ryggen for å lukkast.

Malek

I starten verkar det nesten latterleg korleis Rami Malek (også kjend som Mr. Robot) snakkar, som om laustennene er i vegen. Men alle som har sett intervju med Freddie Mercury, veit at han faktisk hadde fire ekstra tenner i munnen og var enormt oppteken og plaga av det. Kven kunne spela Farrokh Bulsara utan laustenner, lyt ein nesten spørja seg. Og når ein vert van med dei nokså spjåkete og dels overdrivne utkledningane til stort sett alle karakterane, verkar det særleg tydeleg: knapt nokon kunne spela Freddie Mercury betre enn akkurat Rami Malek. Kroppsspråket, faktene, scenepersonen – det er som å sjå Mercury sjølv. Med andre ord: Eg lèt meg riva fjortisaktig, fjetrande med.

Musikalsk

Ingen skal skulda nokon bak Bohemian Rhapsody for å ha laga noko dristig film. Ein kunne knapt ha laga ein tryggare, meir familievenleg versjon av sex, drugs and rock’n’roll, og særleg den delen som handlar om kontroversen om legninga til Mercury, og kor fordømmande samtida såg på AIDS og dei det ramma. Og på ein måte er det greitt, det – for her er det musikken som står i sentrum, akkurat slik Mercury sjølv gav uttrykk for at han ville ha det. For kven vil vere sjukleg offer når ein heller kan bita dei svære tennene saman og skina som den sterkaste stjerna? Filmen har akkurat passe dosar einsemd, kjærleikssorg og personleg drama til å fenga det verkeleg store publikummet. Skal du laga storfilm for massane, må det ikkje verta for realistisk, og det må vera minst éin slemming med, som lyt svi før eller seinare. Sidan Bohemian Rhapsody nærast liknar ein musikal (men er velsigna fri for utbrot av song og dans midt i ein dialog), kan filmen appellera til nye grupper som kan få auga opp for tittellåten og dei mange andre finfine songane til Queen. Såleis er det ei særs vellukka, glattpolert, herleg underhaldningshyllest til ein av dei uomstridt største og mest kompromisslause suksessane i pop- og rockhistoria. The show did go on, Freddie!

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Filmen har akkurat passe dosar einsemd, kjærleikssorg og personleg drama til å fenga det verkeleg store publikummet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Weronika Murek er dramatikar og forfattar og fekk Witold Gombrowics’ debutantpris i 2015.

Foto: Anna Rezulak

BokMeldingar

Presisjon ved surrealisme

Weronika Murek er krevjande i formspråket, men orkar ein å strekke seg litt, kan ein fort oppdage at ein har vakse ein litterær halvmeter.

Ingvild Bræin

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis