Kenneth Branagh spelar Poirot.
Foto: NTB scanpix
Filmfjes
Agatha Christie rakk å skriva 73 romanar, 40 av dei om Hercule Poirot og 12 om Miss Marple, og alle desse har vore filmatiserte opptil fleire gongar. Ein av dei mest berømte, Mordet på Orientekspressen, er no klar for ny stjernefilmatisering. Boka kom i 1934, og det har kome fleire filmversjonar oppover. Den meste kjende kom i 1974 og hadde storleikar som Albert Finney, Lauren Bacall og Ingrid Bergman på rollelista. Denne gongen er det Kenneth Branagh som spelar Poirot. Store stjerner betyr ikkje alltid stjernekvalitet, sjølv med Christies fabelaktige plottmakeri som grunnlag. Premiere 10. november.
B.A.
Sjå på nett no:
(Netflix) Hurra for Mindhunter! Denne sannkrimserien om FBI-agentar på slutten av syttitalet som byrja interessera seg for psykologien bak seriemordarar, har det vore bygd opp forventningar til dei siste par månadene. Og så – halleluja – vert alle forventningane innfridde. I tillegg til å vera spennande og interessant er rollegalleriet nydeleg samansett med fine karakterar som slit med eigne meir personlege drama på fritida. Håpar det kjem ein million sesongar til!
B.A.
Tre på topp
Slasherfilmar frå gullalderen:
1) Motorsagsmassakren (Tobe Hooper 1974). Filmen med lugubre Leatherface endra spelereglane for skrekkfilmar og står sidan som ein påle i populærkulturen.
2) Halloween (John Carpenter 1978). Maska til mordaren Michael Myers og skrika til debutanten Jamie Lee Curtis var ikoniske. Kassasuksessen sette ein ny standard på godt og vondt.
3) Terror på Elm Street (Wes Craven 1984). Den kritiske sansen var ikkje stor då eg såg film om Freddy Krueger for tidleg i lag med vener som hadde snike seg til ein videokassett. Skrekken sit i.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.