Filmregissør Peter Krekes står bak vinnarfilmen Censor.
Filmfjes
Den tsjekkiske filmfestivalen i Karlovy Vary går føre seg i desse dagar. Alt har nokre av prisane vorte delte ut, men éin er kanskje meir spennande enn den andre, nemleg Works in Progress-prisen, som går til beste påbyrja film frå Sentral- og Aust-Europa inkludert Tyrkia og postsovjetland som får pengar til ferdigstilling og distribusjon. Eg håpar å få sett vinnarfilmen Censor om ikkje så lenge. Filmen dreier seg om dama som sensurerer kjærleiksbrev i eit ukrainsk fengsel, regissert av Peter Kerekes, som får æra av å vera sommarens siste Filmfjes før ferien.
B.A.
Sjå på nett no:
(Netflix) Chewing gum! Kvifor har eg ikkje fått med meg denne før? Eg får heller utsetja meg for at nokon fnyser over ignoransen min i håp om at fleire no får med seg denne perla av ein serie. For dei som likte den originale Shameless, har også manusforfattar og hovudperson Michaela Coel teke livet i herskaplege krinsar i Storbritannia på alvor. Det er alvorleg morosamt og til tider fullstendig over kanten, men ho slepp så utruleg godt unna med det. Bøttevis med kjærleik og sjarm gjer at ein blir glad i alle og synest oppveksten i blokk må vera det diggaste og mest eksotiske i verda.
B.A.
Tre på topp
Filmar frå Den evige staden, som eg vitjar no når Romas åttande konge Francesco Totti har abdisert:
1) Roma – åpen by. Roberto Rossellini 1945. Denne filmhistoriske milestolpen er eit meisterverk som sparka i gang den italienske neorealismen med skildringa av motstand under andre verdskrigen.
2) Den store skjønnheten. Paolo Sorrentino 2013. Den italienske kulturelitens dekadanse i dønningane etter Silvio Berlusconi er ei visuell nyting i neon ramma inn av Romas ruinar.
3) Det søte liv. Federico Fellini 1960. Sjeldan får så fjollete filmar klassikarstatus, men Fellini er frekt kul. Trevifontena tar kaka.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.