Jennifer Kent er den einaste kvinnelege regisørren på filmfestivalprogrammet i Venezia.
Filmfjes
Denne veka er det duka for den 75. filmfestivalen i Venezia, og arrangøren er bra stolt av hovudprogrammet sitt. Det skulle berre mangla at dei likevel får tyn for å henga att i gubbeveldet med berre éin kvinneleg regissør på plakaten: Fjeset til australske Jennifer Kent er det einaste kvinnelege blant 21 regissørar.
Programsjefen seier at han ikkje kan kvotera kvinnene inn, og at noko må skje tidlegare i prosessen.
B.A.
Sjå på nett no
(NRK) Samtidig som du må få med deg Bergman: Ett år, ett liv på kino, kan du sjå ein slags parallelldokumentar om livet til den svenske stiftaren av filminstituttet i Harry Schein – den utrulege historia (med den betre originale tittelen Citizen Schein). Den austerrikske overklasseguten måtte flykta frå jødeforfølgingane og enda opp med å bli ein av dei mest betydningsfulle mennene i underhaldningsbransjen i Sverige.
B.A.
Tre på topp
Naturkatastrofar bryr seg lite om kva som er in og ikkje, men katastrofefilmar går aldri av moten. Det viktigaste er at bygningar, dyr og menneske fyk hjelpelaust rundt.
Twister (1996) Å, tornadojakt er moro, då!
Bølgen (2015) Overraskande bra, ikkje berre til å vera norsk.
The Impossible (2012) Den minst festlege av topp-tre i og med at tsunamien her faktisk skjedde, men ein god film.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Denne veka er det duka for den 75. filmfestivalen i Venezia, og arrangøren er bra stolt av hovudprogrammet sitt. Det skulle berre mangla at dei likevel får tyn for å henga att i gubbeveldet med berre éin kvinneleg regissør på plakaten: Fjeset til australske Jennifer Kent er det einaste kvinnelege blant 21 regissørar.
Programsjefen seier at han ikkje kan kvotera kvinnene inn, og at noko må skje tidlegare i prosessen.
B.A.
Sjå på nett no
(NRK) Samtidig som du må få med deg Bergman: Ett år, ett liv på kino, kan du sjå ein slags parallelldokumentar om livet til den svenske stiftaren av filminstituttet i Harry Schein – den utrulege historia (med den betre originale tittelen Citizen Schein). Den austerrikske overklasseguten måtte flykta frå jødeforfølgingane og enda opp med å bli ein av dei mest betydningsfulle mennene i underhaldningsbransjen i Sverige.
B.A.
Tre på topp
Naturkatastrofar bryr seg lite om kva som er in og ikkje, men katastrofefilmar går aldri av moten. Det viktigaste er at bygningar, dyr og menneske fyk hjelpelaust rundt.
Twister (1996) Å, tornadojakt er moro, då!
Bølgen (2015) Overraskande bra, ikkje berre til å vera norsk.
The Impossible (2012) Den minst festlege av topp-tre i og med at tsunamien her faktisk skjedde, men ein god film.
B.A.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?