Liv Ullmann er ærespresident i Haugesund.
Foto: Åste Susanna Persson / NTB scanpix
Filmfjes
Det er snart klart for filmfestivalen i Haugesund, og laurdag får me vita kven som skal ta med seg heim vår eigen Oscar-variant, Amanda-prisen. Det har vore ymse diskusjonar kring kategorien Beste norske kinofilm, då det har vist seg at prisen heng tett saman med om filmen har vore ein kommersiell suksess eller ikkje. Uansett, desse tre konkurrerer om prisen i år: Hva vil folk si (regi: Iram Haq), Thelma (regi: Joachim Trier) og Utøya 22. juli (regi: Erik Poppe). Trudde du Liv Ullmann var med? Nei då, men ho er ærespresident for festivalen, derfor fjeset.
B.A.
Sjå på nett no:
(HBO) Det er så vidt eg klarar tilråda dette, eg vil i alle fall på det sterkaste oppmoda det om å sjå Who Is America saman med nokon. Det skiftar frå å vera pinleg til morosamt til utruleg, og så til å kombinera alt, slik at det er umogleg å ikkje le seg skakk. Sacha Baron Cohen lurar prominente amerikanarar trill rundt, noko som er bra gjort med såpass overdriven sminke og det faktumet at han vart ganske kjend der borte med Borat- og Ali G-karakterane sine.
B.A.
Tre på topp
Amanda-prisen for Beste norske kinofilm som har vore delt ut sidan 1985, har stemt meir eller mindre med min eigen smak. Årstalet viser til kva år dei vann.
Frida – med hjertet i hånden (1992, regi: Berit Nesheim) Norsk tenåringsangst på tidleg nittital – kva er det ikkje å lika?
Reprise (2007, regi: Joachim Trier) Uvanleg bra til å vera norsk drama, om det er lov å seia det slik.
Som du ser meg (2013, regi: Dag Johan Haugerud) Filmen fekk i tillegg prisar for beste manus og beste kvinnelege hovudrolle til Laila Goody, alle høgst fortent.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Det er snart klart for filmfestivalen i Haugesund, og laurdag får me vita kven som skal ta med seg heim vår eigen Oscar-variant, Amanda-prisen. Det har vore ymse diskusjonar kring kategorien Beste norske kinofilm, då det har vist seg at prisen heng tett saman med om filmen har vore ein kommersiell suksess eller ikkje. Uansett, desse tre konkurrerer om prisen i år: Hva vil folk si (regi: Iram Haq), Thelma (regi: Joachim Trier) og Utøya 22. juli (regi: Erik Poppe). Trudde du Liv Ullmann var med? Nei då, men ho er ærespresident for festivalen, derfor fjeset.
B.A.
Sjå på nett no:
(HBO) Det er så vidt eg klarar tilråda dette, eg vil i alle fall på det sterkaste oppmoda det om å sjå Who Is America saman med nokon. Det skiftar frå å vera pinleg til morosamt til utruleg, og så til å kombinera alt, slik at det er umogleg å ikkje le seg skakk. Sacha Baron Cohen lurar prominente amerikanarar trill rundt, noko som er bra gjort med såpass overdriven sminke og det faktumet at han vart ganske kjend der borte med Borat- og Ali G-karakterane sine.
B.A.
Tre på topp
Amanda-prisen for Beste norske kinofilm som har vore delt ut sidan 1985, har stemt meir eller mindre med min eigen smak. Årstalet viser til kva år dei vann.
Frida – med hjertet i hånden (1992, regi: Berit Nesheim) Norsk tenåringsangst på tidleg nittital – kva er det ikkje å lika?
Reprise (2007, regi: Joachim Trier) Uvanleg bra til å vera norsk drama, om det er lov å seia det slik.
Som du ser meg (2013, regi: Dag Johan Haugerud) Filmen fekk i tillegg prisar for beste manus og beste kvinnelege hovudrolle til Laila Goody, alle høgst fortent.
B.A.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?