Kevin Peter Hall var den første som spelte Predator.
Filmfjes
Det farlegaste rovdyret i universet er tilbake. Den fyrste Predator-filmen kom i 1987, då med Arnold Schwarzenegger i rolla som alienjeger. Predator 2 gjekk på kino tre år seinare, med Danny Glover i hovudrolla. Men kven var sjølve predatoren? Jau, det var Kevin Peter Hall, som kanskje fekk rolla fordi han raga 2 meter og 20 cm over bakken. Fred over minnet hans (han døydde av AIDS i 1991) når den nyaste Predator-filmen no har premiere.
B.A.
Sjå på nett no
(NRK) Eg er litt skeptisk til alle desse Peder Kjøs-konsepta som dukkar opp både på radio og i TV, men det kjem kan hende meir av inflasjonen enn at han ikkje er ein dugandes psykolog. Og måten han får ungdommane i Jeg mot meg i tale på, gjer han også til ein god TV-terapeut. Synleggjeringa av psykisk sjukdom hos unge kan neppe overdrivast, om dette verkar vera noko enkelte likar å spekulera i. Etter eit par episodar tenkjer eg at denne serien kjem til å gjera mange godt – sjølv kor vondt det er å sjå på.
B.A.
Tre på topp
Filmar av Gus Van Sant for ein som framleis ikkje har sett I drift mot Idaho:
1) Paranoid Park, 2007. Van Sant på sitt beste har mørke, sjarm og stil. Oppvekst, vennskap, traume og rullebrett er nydeleg skote av ein av verdas beste filmfotografar, Christopher Doyle.
2) Mala noche, 1986. Debuten har ein røff og rastlaus stil. Historia om ein papirlaus meksikanar i drift lanserte Van Sant som ein viktig filmskapar for homofile som hungra etter eigne historier som kjendest ekte.
3) Milk, 2008. Konvensjonelle biografiske filmar om politikarar i USA er ikkje alltid topp, men historia om Harvey Milk var engasjerande og god.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Det farlegaste rovdyret i universet er tilbake. Den fyrste Predator-filmen kom i 1987, då med Arnold Schwarzenegger i rolla som alienjeger. Predator 2 gjekk på kino tre år seinare, med Danny Glover i hovudrolla. Men kven var sjølve predatoren? Jau, det var Kevin Peter Hall, som kanskje fekk rolla fordi han raga 2 meter og 20 cm over bakken. Fred over minnet hans (han døydde av AIDS i 1991) når den nyaste Predator-filmen no har premiere.
B.A.
Sjå på nett no
(NRK) Eg er litt skeptisk til alle desse Peder Kjøs-konsepta som dukkar opp både på radio og i TV, men det kjem kan hende meir av inflasjonen enn at han ikkje er ein dugandes psykolog. Og måten han får ungdommane i Jeg mot meg i tale på, gjer han også til ein god TV-terapeut. Synleggjeringa av psykisk sjukdom hos unge kan neppe overdrivast, om dette verkar vera noko enkelte likar å spekulera i. Etter eit par episodar tenkjer eg at denne serien kjem til å gjera mange godt – sjølv kor vondt det er å sjå på.
B.A.
Tre på topp
Filmar av Gus Van Sant for ein som framleis ikkje har sett I drift mot Idaho:
1) Paranoid Park, 2007. Van Sant på sitt beste har mørke, sjarm og stil. Oppvekst, vennskap, traume og rullebrett er nydeleg skote av ein av verdas beste filmfotografar, Christopher Doyle.
2) Mala noche, 1986. Debuten har ein røff og rastlaus stil. Historia om ein papirlaus meksikanar i drift lanserte Van Sant som ein viktig filmskapar for homofile som hungra etter eigne historier som kjendest ekte.
3) Milk, 2008. Konvensjonelle biografiske filmar om politikarar i USA er ikkje alltid topp, men historia om Harvey Milk var engasjerande og god.
H.T.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.