Filmprodusent Harvey Weinstein er teken med buksene nede.
Foto: Andrew Kelly / NTB scanpix
Filmfjes
Ein sjeldan gong lyt også Hollywood-kjempar falla. At det skjer grunna skuldingar om seksuelt misbruk, er endå sjeldnare. Det er både trist og bra at superprodusent Harvey Weinstein har måtta ta konsekvensane av fleire tiår med uakseptabel oppførsel – trist fordi ein skulle ynskja menn som han visste betre, og bra av opplagde grunnar. Kor lenge han held fram med å vera persona non grata, er uvisst, men kona har gått frå han, og produksjonsselskapet han sjølv var med på å stifta, har gjeve han sparken.
B.A.
Sjå på nett no:
(NRK) Er det alltid slik at ein mordar er ein psykopat? Eller er ein psykopat alltid valdeleg? Den überhyggelege psykologen Uta Frith presenterer denne problemstillinga og er programleiar i den britiske dokumentarfilmen Kva er ein psykopat?. Myten er at dei er fødde utan empati, og at dei endar opp som mordarar. Forsking viser at nokre har betre anlegg for å utvikla psykopati enn andre, men finst det ein kur?
B.A.
Tre på topp
Filmar som kom på kino sist veke, då vi hadde hendene fulle med filmfestival i Bergen:
1) Good Time av Benny og Josh Safdie. New Yorks stjerneskotduo har laga ein frisk, fartsfylt og skiten film om småskalaskurkar og stor kjærleik mellom brør. Kjenslene flyg og synten strålar.
2) Hva vil folk si av Iram Haq. Haq er tilbake med ein smell. Sosial kontroll er handsama med nerve, mot og balanse. Maria Mozhdah debuterer med spel som står i stil til superstjerna Adil Hussain.
3) Tom of Finland av Dome Karukoski. Ein fin finsk film feirar landets store teiknar, kjend for lemmar og lêr.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Ein sjeldan gong lyt også Hollywood-kjempar falla. At det skjer grunna skuldingar om seksuelt misbruk, er endå sjeldnare. Det er både trist og bra at superprodusent Harvey Weinstein har måtta ta konsekvensane av fleire tiår med uakseptabel oppførsel – trist fordi ein skulle ynskja menn som han visste betre, og bra av opplagde grunnar. Kor lenge han held fram med å vera persona non grata, er uvisst, men kona har gått frå han, og produksjonsselskapet han sjølv var med på å stifta, har gjeve han sparken.
B.A.
Sjå på nett no:
(NRK) Er det alltid slik at ein mordar er ein psykopat? Eller er ein psykopat alltid valdeleg? Den überhyggelege psykologen Uta Frith presenterer denne problemstillinga og er programleiar i den britiske dokumentarfilmen Kva er ein psykopat?. Myten er at dei er fødde utan empati, og at dei endar opp som mordarar. Forsking viser at nokre har betre anlegg for å utvikla psykopati enn andre, men finst det ein kur?
B.A.
Tre på topp
Filmar som kom på kino sist veke, då vi hadde hendene fulle med filmfestival i Bergen:
1) Good Time av Benny og Josh Safdie. New Yorks stjerneskotduo har laga ein frisk, fartsfylt og skiten film om småskalaskurkar og stor kjærleik mellom brør. Kjenslene flyg og synten strålar.
2) Hva vil folk si av Iram Haq. Haq er tilbake med ein smell. Sosial kontroll er handsama med nerve, mot og balanse. Maria Mozhdah debuterer med spel som står i stil til superstjerna Adil Hussain.
3) Tom of Finland av Dome Karukoski. Ein fin finsk film feirar landets store teiknar, kjend for lemmar og lêr.
H.T.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.