Regissør Anja Breien er klar for ein ny film om hustruene.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Filmfjes
Etter årevis med (overraskande) avslag frå Norsk Filminstitutt, kan endeleg regissør Anja Breien pryda spalta her, då det no ser ut som Hustruer – 40 år etter går til produksjon med god pengestøtte i ryggen. Suksessen Hustruer (1975) har fått to oppfølgjarar, og i den fjerde filmen er det altså aldrande kvinner som ser tilbake og framover. Som ein av få norske regissørar var Breien nominert til Gullpalmen for Arven i 1979. Eit solid fjes, med andre ord.
B.A.
Sjå på nett no
(HBO Nordic) Etter mange lange dagar i sola, eit fenomen eg sjeldan treng skulda på, vert det lite TV-sjåing, men ein passeleg guffen affære som høver for å få euforien over vêret ned på eit norsk nivå, er sannkrimserien Onde planer. Eit bankran med dødeleg utfall for han som utfører det, blir starten på ei opprulling av bisarre karakterar og bisarre omstende.
B.A.
Tre på topp
Dokumentarfilmar på Oslo Pix som folk i hovudstaden framleis kan sjå i helga.
1) Silvana – väck mig när ni vaknat. Silvana Imam er enormt kul. Rapparen talar fritt og rått. Denne dokumentaren er eit nært og fengjande portrett av ein særs populær og politisk svenske.
2) The Silence of Others. Framleis kviler Francos skugge over Spania. Offer for det brutale diktaturet kjempar for rettferd, sanning og slutt på ei amnestilov som sikrar historieløyse. Regjeringa Rajoy nektar.
3) Dreaming Murakami. Stilfullt skildra samtalar med den danske omsetjaren av japanske Haruki Murakami gjev innsikt i språklege nyansar, kulturelle skilje og kunsten å omsetje.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Etter årevis med (overraskande) avslag frå Norsk Filminstitutt, kan endeleg regissør Anja Breien pryda spalta her, då det no ser ut som Hustruer – 40 år etter går til produksjon med god pengestøtte i ryggen. Suksessen Hustruer (1975) har fått to oppfølgjarar, og i den fjerde filmen er det altså aldrande kvinner som ser tilbake og framover. Som ein av få norske regissørar var Breien nominert til Gullpalmen for Arven i 1979. Eit solid fjes, med andre ord.
B.A.
Sjå på nett no
(HBO Nordic) Etter mange lange dagar i sola, eit fenomen eg sjeldan treng skulda på, vert det lite TV-sjåing, men ein passeleg guffen affære som høver for å få euforien over vêret ned på eit norsk nivå, er sannkrimserien Onde planer. Eit bankran med dødeleg utfall for han som utfører det, blir starten på ei opprulling av bisarre karakterar og bisarre omstende.
B.A.
Tre på topp
Dokumentarfilmar på Oslo Pix som folk i hovudstaden framleis kan sjå i helga.
1) Silvana – väck mig när ni vaknat. Silvana Imam er enormt kul. Rapparen talar fritt og rått. Denne dokumentaren er eit nært og fengjande portrett av ein særs populær og politisk svenske.
2) The Silence of Others. Framleis kviler Francos skugge over Spania. Offer for det brutale diktaturet kjempar for rettferd, sanning og slutt på ei amnestilov som sikrar historieløyse. Regjeringa Rajoy nektar.
3) Dreaming Murakami. Stilfullt skildra samtalar med den danske omsetjaren av japanske Haruki Murakami gjev innsikt i språklege nyansar, kulturelle skilje og kunsten å omsetje.
H.T.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.