Den svenske regissøren Emelie Lindblom.
Filmfjes
Filmfjeset Emelie Lindblom har premiere på kino denne helga med barneskrekkfilmen Rom 213. Den svenske regissøren vann hovudprisen på Barnefilmfestivalen i Kristiansand i vår. Filmen har tolv års aldersgrense og blei av juryen omtala som ein «gyselig god grøssarfilm for barn og ungdom». Handlinga er sett til ein sommarleir, der tolvåringen Elvira opplever uforklarlige hendingar. Heilt klart noko å vurdere for ein kinotur om du eller nokon nær deg er i alderssjiktet.
H.T.
Sjå på nett no
(Fire kjelder på Filmgrail) Den engelske skodespelaren Andy Serkis debuterer som regissør med kinoklare Breathe. Eg er skeptisk til søtlåtne drama med Andrew Garfield. Då spolar eg heller tilbake i katalogen på nærare hundre filmar med Serkis på rollelista. Mellom slaga som Gollum i Ringenes herre-filmar spelte Serkis Martin Hannett i 24 Hour Party People av Michael Winterbottom. Feiringa av Factory Records og klubben Hacienda i Manchester er ei fin reise med band som Joy Division, New Order og Stone Roses.
H.T.
Tre på topp:
Eg trur eg likar betre filmar med katt i tittelen enn filmar om kattar, sjølv om denne lista heller ikkje vart direkte heilhjarta.
Cat on a Hot Tin Roof (1958) Utmerkt filmatisering av Tennessee Williams’ utmerkte teaterstykke.
Cat Ballou (1965) Ganske tullete film, men kor tøff er vel ikkje Jane Fonda?
Sort kart, hvit katt (1958) OK, eg elskar ikkje denne filmen, men han slår enormt mange av dei andre som har katt i tittelen.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Filmfjeset Emelie Lindblom har premiere på kino denne helga med barneskrekkfilmen Rom 213. Den svenske regissøren vann hovudprisen på Barnefilmfestivalen i Kristiansand i vår. Filmen har tolv års aldersgrense og blei av juryen omtala som ein «gyselig god grøssarfilm for barn og ungdom». Handlinga er sett til ein sommarleir, der tolvåringen Elvira opplever uforklarlige hendingar. Heilt klart noko å vurdere for ein kinotur om du eller nokon nær deg er i alderssjiktet.
H.T.
Sjå på nett no
(Fire kjelder på Filmgrail) Den engelske skodespelaren Andy Serkis debuterer som regissør med kinoklare Breathe. Eg er skeptisk til søtlåtne drama med Andrew Garfield. Då spolar eg heller tilbake i katalogen på nærare hundre filmar med Serkis på rollelista. Mellom slaga som Gollum i Ringenes herre-filmar spelte Serkis Martin Hannett i 24 Hour Party People av Michael Winterbottom. Feiringa av Factory Records og klubben Hacienda i Manchester er ei fin reise med band som Joy Division, New Order og Stone Roses.
H.T.
Tre på topp:
Eg trur eg likar betre filmar med katt i tittelen enn filmar om kattar, sjølv om denne lista heller ikkje vart direkte heilhjarta.
Cat on a Hot Tin Roof (1958) Utmerkt filmatisering av Tennessee Williams’ utmerkte teaterstykke.
Cat Ballou (1965) Ganske tullete film, men kor tøff er vel ikkje Jane Fonda?
Sort kart, hvit katt (1958) OK, eg elskar ikkje denne filmen, men han slår enormt mange av dei andre som har katt i tittelen.
B.A.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.