Skodespelar Jeanne Moreau då ho var på filmfestivalen i Cannes i år.
Foto: Eric Gaillard / Reuters / NTB scanpix
Filmfjes
Fjeset til Jeanne Moreau er festa til film for siste gong, sidan ho sovna inn måndag. Ho var nær sagt sjølve andletet til den franske nybølga, spesielt grunna roller i François Truffauts Jules et Jim (1962) og Louis Malles Heisen til skafottet (1958). I storleikstida arbeidde ho med namn som Buñuel, Welles, Demy, Antonioni, Godard og Renoir. Etter ho fylte 80 år stod flinke folk som Tsai Ming-liang og Manoel de Oliveira klare med kamera. Emmanuel Macron overdreiv ikkje då han tvitra at ei legende var vekke.
H.T.
Sjå på nett no
(Netflix) Folk renn med rette ned dørene på kino for å sjå Christopher Nolans visuelt og lydleg storarta krigsfilm Dunkirk, filma på 70 mm med fargar som minner om 40-talet og Technicolor. Dei som vil ha meir, kan sjå propagandafilmen Slaget ved Midway av John Ford frå 1942 på Netflix. Fargane der òg er nydelege, men omtalen av japanarane er aggressiv og stygg. Ford fekk Purple Heart for innsatsen.
H.T.
Tre på topp
Fellesferien er over, men hjernen er framleis i feriemodus. Eg gjev deg tre filmar med «baby» i tittelen:
Rosemary’s Baby (1968) Kanskje vurdera å køyra denne for skuleelevar som preventivt tiltak?
Cry-Baby (1990) Tenk om Johnny Depp hadde halde seg til å spela i John Waters-filmar!
Baby Boom (1987) Sååå koseleg, då! I alle fall då eg var ti år gamal, usikker på om eg har sett han etterpå…
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Fjeset til Jeanne Moreau er festa til film for siste gong, sidan ho sovna inn måndag. Ho var nær sagt sjølve andletet til den franske nybølga, spesielt grunna roller i François Truffauts Jules et Jim (1962) og Louis Malles Heisen til skafottet (1958). I storleikstida arbeidde ho med namn som Buñuel, Welles, Demy, Antonioni, Godard og Renoir. Etter ho fylte 80 år stod flinke folk som Tsai Ming-liang og Manoel de Oliveira klare med kamera. Emmanuel Macron overdreiv ikkje då han tvitra at ei legende var vekke.
H.T.
Sjå på nett no
(Netflix) Folk renn med rette ned dørene på kino for å sjå Christopher Nolans visuelt og lydleg storarta krigsfilm Dunkirk, filma på 70 mm med fargar som minner om 40-talet og Technicolor. Dei som vil ha meir, kan sjå propagandafilmen Slaget ved Midway av John Ford frå 1942 på Netflix. Fargane der òg er nydelege, men omtalen av japanarane er aggressiv og stygg. Ford fekk Purple Heart for innsatsen.
H.T.
Tre på topp
Fellesferien er over, men hjernen er framleis i feriemodus. Eg gjev deg tre filmar med «baby» i tittelen:
Rosemary’s Baby (1968) Kanskje vurdera å køyra denne for skuleelevar som preventivt tiltak?
Cry-Baby (1990) Tenk om Johnny Depp hadde halde seg til å spela i John Waters-filmar!
Baby Boom (1987) Sååå koseleg, då! I alle fall då eg var ti år gamal, usikker på om eg har sett han etterpå…
B.A.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.