Tuva Novotny spelar hovudrolla.
Foto frå filmen
Filmfjes
Jaggu er det på sin plass å visa fram fjeset til regissør Joachim Trier igjen. Det er fjerde gongen han er nominert til Nordisk råds filmpris, og i 2016 vann han for finfine Louder Than Bombs. «Eg får ikkje heilt fot på Joachim Trier sitt fascinerande paranormale drama», skreiv eg sjølv om Thelma, som no altså kan dra heim 350.000 kroner om filmen vinn prisen 30. oktober. Ja ja, eg toler at eg potensielt ikkje er einig med resten av Norden, og ynskjer Trier lukke til.
B.A.
Sjå på nett no:
(Amazon Prime) Viss du vil ha litt meir om stoda til Ku Klux Klan, ligg det ein tre kvarter lang dokumentar som følgjer ein av leiarane i eit lokallag i Missouri. Det er noko eige når ekstremistgrupper får lov til å framstilla seg sjølv som dei vil – dei trur at dei med dette kjem heldig ut av det, men så blir det så ramlande gale. Inside the Ku Klux Klan viser alt dette, og det overraskande innspelet om at det å bli medlem i klanen kan vera bra for ekteskapet.
B.A.
Tre på topp
Filmar frå den rike skodespelarkarrieren til regi-
debutant Tuva Novotny:
1) Annihilation. Alex Garland (2018). Novotny høyrer til på verdsscena. Denne visuelt og filosofisk flotte filmen sende Netflix diverre rett på nett. Eg vil sjå han på stort lerret.
2) Jalla! Jalla!. Josef Fares (2000). Eg gløymde at Novotny debuterte i spennande Tic Tac tre år før. I 2000 fekk Fares-brørne opna augo mine for nye svenske komediar og ei komande stjerne.
3) Kongens nei. Erik Poppe (2016). Her i landet klamrar vi oss til at svenske Novotny er litt norsk òg. Ho var ei av mange som gjorde særs solid arbeid i storfilmen om ein dansk, norsk konge.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Jaggu er det på sin plass å visa fram fjeset til regissør Joachim Trier igjen. Det er fjerde gongen han er nominert til Nordisk råds filmpris, og i 2016 vann han for finfine Louder Than Bombs. «Eg får ikkje heilt fot på Joachim Trier sitt fascinerande paranormale drama», skreiv eg sjølv om Thelma, som no altså kan dra heim 350.000 kroner om filmen vinn prisen 30. oktober. Ja ja, eg toler at eg potensielt ikkje er einig med resten av Norden, og ynskjer Trier lukke til.
B.A.
Sjå på nett no:
(Amazon Prime) Viss du vil ha litt meir om stoda til Ku Klux Klan, ligg det ein tre kvarter lang dokumentar som følgjer ein av leiarane i eit lokallag i Missouri. Det er noko eige når ekstremistgrupper får lov til å framstilla seg sjølv som dei vil – dei trur at dei med dette kjem heldig ut av det, men så blir det så ramlande gale. Inside the Ku Klux Klan viser alt dette, og det overraskande innspelet om at det å bli medlem i klanen kan vera bra for ekteskapet.
B.A.
Tre på topp
Filmar frå den rike skodespelarkarrieren til regi-
debutant Tuva Novotny:
1) Annihilation. Alex Garland (2018). Novotny høyrer til på verdsscena. Denne visuelt og filosofisk flotte filmen sende Netflix diverre rett på nett. Eg vil sjå han på stort lerret.
2) Jalla! Jalla!. Josef Fares (2000). Eg gløymde at Novotny debuterte i spennande Tic Tac tre år før. I 2000 fekk Fares-brørne opna augo mine for nye svenske komediar og ei komande stjerne.
3) Kongens nei. Erik Poppe (2016). Her i landet klamrar vi oss til at svenske Novotny er litt norsk òg. Ho var ei av mange som gjorde særs solid arbeid i storfilmen om ein dansk, norsk konge.
H.T.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?