Filmregissør Jennifer Yuh Nelson er klar med ny film.
Foto: Rick Rycroft / TT / NTB scanpix
Filmfjes
Jennifer Yuh Nelson er premiereklar med The Darkest Minds, basert på ein ungdomsroman av Alexandra Bracken. Yuh er mest kjend for å ha regissert Kung Fu Panda 2, som ho blei nominert til Oscar for. Ho laga òg Kung Fu Panda 3 og vann pris for dreieboka på den første. The Darkest Minds er science fiction om ungdommar med superkrefter på rømmen frå styresmaktene, med Amandla Stenberg frå The Hunger Games i hovudrolla. Det kan vere verdt turen sjølv om kritikarar i USA rynka på nasen.
H.T.
Sjå på nett no
(mubi.com) Komediar lokkar når hausten nærmar seg. Uruguayanske Mr. Kaplan (2014) av Álvaro Brechner er morosam. Mr. Kaplan (76) har ikkje utretta stort i livet, men vil sikra ære i det jødiske miljøet i Montevideo ved å kidnappa ein gamal tyskar med tvilsam fortid som driv ein strandbar. Med stønad frå ein slapp og suspekt venn i politiet tek overvakinga og planlegginga til. Det går sånn passe.
H.T.
Tre på topp
Robert Redford blir pensjonist, seiest det. Vel unnt for skodespelaren, regissøren og produsenten som fyller 82 år 18. august. Tre blir lite, men uansett:
Ordinary people (1980) Nydeleg og vondt drama om familie som fell frå kvarandre etter at eine sonen har døydd. Redford har regien.
Alle presidentens menn (1976) Ein av dei beste politiske filmane som er laga, med Redford i rolla som Washington Post-journalist Bob Woodward.
Quiz show (1994) Nok ein strålande regiprestasjon i denne dels sanne historia om juksing i TV-spørjetevlingar.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Jennifer Yuh Nelson er premiereklar med The Darkest Minds, basert på ein ungdomsroman av Alexandra Bracken. Yuh er mest kjend for å ha regissert Kung Fu Panda 2, som ho blei nominert til Oscar for. Ho laga òg Kung Fu Panda 3 og vann pris for dreieboka på den første. The Darkest Minds er science fiction om ungdommar med superkrefter på rømmen frå styresmaktene, med Amandla Stenberg frå The Hunger Games i hovudrolla. Det kan vere verdt turen sjølv om kritikarar i USA rynka på nasen.
H.T.
Sjå på nett no
(mubi.com) Komediar lokkar når hausten nærmar seg. Uruguayanske Mr. Kaplan (2014) av Álvaro Brechner er morosam. Mr. Kaplan (76) har ikkje utretta stort i livet, men vil sikra ære i det jødiske miljøet i Montevideo ved å kidnappa ein gamal tyskar med tvilsam fortid som driv ein strandbar. Med stønad frå ein slapp og suspekt venn i politiet tek overvakinga og planlegginga til. Det går sånn passe.
H.T.
Tre på topp
Robert Redford blir pensjonist, seiest det. Vel unnt for skodespelaren, regissøren og produsenten som fyller 82 år 18. august. Tre blir lite, men uansett:
Ordinary people (1980) Nydeleg og vondt drama om familie som fell frå kvarandre etter at eine sonen har døydd. Redford har regien.
Alle presidentens menn (1976) Ein av dei beste politiske filmane som er laga, med Redford i rolla som Washington Post-journalist Bob Woodward.
Quiz show (1994) Nok ein strålande regiprestasjon i denne dels sanne historia om juksing i TV-spørjetevlingar.
B.A.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.