Filmregissør Camilla Strøm Henriksen.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Filmfjes
Prestisjetunge Toronto International Film Festival startar denne veka, og den norske regidebutanten Camilla Strøm Henriksen er valt ut til programmet «Discovery: Directors to watch. The future of world cinema». Filmen hennar, Føniks, har vore undervegs i tolv år og har verdspremiere på festivalen. Noregspremieren er sett til 12. oktober. Fjeset hennar kjenner du kanskje frå TV-seriar som Hotel Cæsar og Hvaler. Morofakta: Ho er niesa til dama bak Titten Tei, Birgit Strøm.
B.A.
Sjå på nett no
(omgyes.com) Det finst mykje porno der ute på verdsveven, den klarar du sikkert leita opp sjølv, men her kjem eit tips hovudsakleg mynta på kvinner (altså ekstra viktig for menn): Nettsida OMGYes presenterer forsking kring kvinneleg seksualitet, kjem med direkte tips om kva som fungerer, og gjev namn til underleg lite omtalte seksuelle fenomen mest knytte til damer (Hinting, Edging, Consistency – gjenkjenneleg, ikkje sant?). Det burde seriøst vore folkeopplysing, særleg for folk i parforhold.
B.A.
Tre på topp
Ok, ikkje min favorittsjanger, men det finst artige vampyrfilmar, slike som desse:
What We Do in the Shadows (2014) Liksom-realityserie om frustrerte vampyrar på New Zealand.
Bram Stoker’s Dracula (1992) Har ikkje sett filmen sidan han gjekk på kino, men hadde plakaten på veggen i lang tid etterpå. Det får vera vitnemål godt nok.
Nosferatu (1922) Dracula blir ikkje styggare og skumlare og sprøare enn her.
B.A.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Prestisjetunge Toronto International Film Festival startar denne veka, og den norske regidebutanten Camilla Strøm Henriksen er valt ut til programmet «Discovery: Directors to watch. The future of world cinema». Filmen hennar, Føniks, har vore undervegs i tolv år og har verdspremiere på festivalen. Noregspremieren er sett til 12. oktober. Fjeset hennar kjenner du kanskje frå TV-seriar som Hotel Cæsar og Hvaler. Morofakta: Ho er niesa til dama bak Titten Tei, Birgit Strøm.
B.A.
Sjå på nett no
(omgyes.com) Det finst mykje porno der ute på verdsveven, den klarar du sikkert leita opp sjølv, men her kjem eit tips hovudsakleg mynta på kvinner (altså ekstra viktig for menn): Nettsida OMGYes presenterer forsking kring kvinneleg seksualitet, kjem med direkte tips om kva som fungerer, og gjev namn til underleg lite omtalte seksuelle fenomen mest knytte til damer (Hinting, Edging, Consistency – gjenkjenneleg, ikkje sant?). Det burde seriøst vore folkeopplysing, særleg for folk i parforhold.
B.A.
Tre på topp
Ok, ikkje min favorittsjanger, men det finst artige vampyrfilmar, slike som desse:
What We Do in the Shadows (2014) Liksom-realityserie om frustrerte vampyrar på New Zealand.
Bram Stoker’s Dracula (1992) Har ikkje sett filmen sidan han gjekk på kino, men hadde plakaten på veggen i lang tid etterpå. Det får vera vitnemål godt nok.
Nosferatu (1922) Dracula blir ikkje styggare og skumlare og sprøare enn her.
B.A.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.