Filmfjes
True crime, eller «sannkrim», som det bør heita, har vore bra forretning ei stund no. Du høyrte kanskje VG-podkasten «Uløst» eller las boka «Hvem drepte Birgitte Tengs?» av Bjørn Ola Dahr? No kjem tv-serien om same drapsgåta, med premiere på Den norske filmfestivalen i Haugesund i august. Filmen vil i stor grad basera seg på boka, og vidarefører kritikken av politiarbeidet som vart utført i samband med saka. Serien kjem på TV2 til hausten.
B.A.
Sjå på nett no:
(NRK) Hurra – det er dokusommar igjen! Her dukkar det opp snadder frå heile verda og frå ymse filmfestivalar i landet vårt. Ein av filmane er den lune, festlege Spør sexperten, om den indiske avisspaltisten Mahinder Watsa som i årevis har svart på spørsmål frå lesarane. «Du stinkar røyk – slutt å røyke og lær deg forspel», er eit av dei klare tipsa frå den over 90 år gamle dokteren. Mykje gode tips for ein bra sommar, med andre ord.
B.A.
Tre på topp
Med eit historisk presidentval, sin sjuande strake sorti i åttedelsfinale og ny kartellfilm høver tre filmar om politikk i Mexico:
1) La sombra del caudillo. Julio Bracho 1960. Denne massive klassikaren var sensurert i 30 år etter premieren i Karlovy Vary. Partiet PRI, som mislikte portrettet sitt, mista makta i helga.
2) La dictadura perfecta. Luis Estrada 2014. Estrada er enormt morosam. Her tok han for seg mediemakta i Mexico rundt siste val med bravur.
3) El Alcalde. Altuna, Rossini og Osorno 2012. Talet på drap på kandidatar til lokalvala i helga er ikkje til å tru. Denne dokumentaren er eit utruleg portrett av ein original ordførar.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
True crime, eller «sannkrim», som det bør heita, har vore bra forretning ei stund no. Du høyrte kanskje VG-podkasten «Uløst» eller las boka «Hvem drepte Birgitte Tengs?» av Bjørn Ola Dahr? No kjem tv-serien om same drapsgåta, med premiere på Den norske filmfestivalen i Haugesund i august. Filmen vil i stor grad basera seg på boka, og vidarefører kritikken av politiarbeidet som vart utført i samband med saka. Serien kjem på TV2 til hausten.
B.A.
Sjå på nett no:
(NRK) Hurra – det er dokusommar igjen! Her dukkar det opp snadder frå heile verda og frå ymse filmfestivalar i landet vårt. Ein av filmane er den lune, festlege Spør sexperten, om den indiske avisspaltisten Mahinder Watsa som i årevis har svart på spørsmål frå lesarane. «Du stinkar røyk – slutt å røyke og lær deg forspel», er eit av dei klare tipsa frå den over 90 år gamle dokteren. Mykje gode tips for ein bra sommar, med andre ord.
B.A.
Tre på topp
Med eit historisk presidentval, sin sjuande strake sorti i åttedelsfinale og ny kartellfilm høver tre filmar om politikk i Mexico:
1) La sombra del caudillo. Julio Bracho 1960. Denne massive klassikaren var sensurert i 30 år etter premieren i Karlovy Vary. Partiet PRI, som mislikte portrettet sitt, mista makta i helga.
2) La dictadura perfecta. Luis Estrada 2014. Estrada er enormt morosam. Her tok han for seg mediemakta i Mexico rundt siste val med bravur.
3) El Alcalde. Altuna, Rossini og Osorno 2012. Talet på drap på kandidatar til lokalvala i helga er ikkje til å tru. Denne dokumentaren er eit utruleg portrett av ein original ordførar.
H.T.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?