Håkon Bustnes er den einaste norske filmregissøren på filmfestivalen i Toronto i år.
Foto: Unni Skoglund / NTNU
Filmfjes
Verdas største dokumentarfilmfestival, Hot Docs, går mot slutten i Toronto. I programmet finn ein berre éin norsk regissør i år: Håvard Bustnes har fått plass med Hatets vugge, som har vore på kino i Noreg i vår. Dokumentarfilmen er eit spennande innblikk hjå kvinnene som står i kjernen av det rasistiske, høgrepopulistiske partiet Gyllent Daggry i Hellas. At Bustnes er aleine som norsk filmskapar, er nytt. Dei to siste åra har Noreg stilt sterkt med ei mengd filmar og fått fleire gjæve prisar.
H.T.
Sjå på nett no
(YouTube) Hot Docs hyllar i år den legendariske dokumentarregissøren Barbara Kopple med eit eige program av høgdepunkt frå den rike karrieren hennar. Ho er kanskje mest kjend for debuten frå 1976, Harlan County, USA, som ho vann Oscar for. Historia om streikande gruvearbeidarar i Kentucky er framleis aktuell. Eit gjensyn med klassikaren passar godt helga etter 1. mai. Kampen held fram.
H.T.
Tre på topp
Godbitar frå programmet på Hot Docs i år:
1) Laila at the Bridge. Elizabeth og Gulistan Mirzaei. Laila er eit rivjern. Ho freistar få rusavhengige i Kabul friske. Då vi invaderte Afghanistan, skaut opiumproduksjonen i vêret, og landet har enorme rusproblem. Likevel har denne filmen humør og håp.
2) The Trial. Maria Augusta Ramos. 139 minutt med observerande film om riksretten mot Dilma Rousseff, utan forteljar eller intervju. Gu’ kor herleg!
3) Inventing Tomorrow. Laura Nix. Sjarmerande ungdomar frå Hawaii, Mexico, India og Indonesia gjev alt for å vinne på vitskapsmessa i Los Angeles med nye miljøløysingar.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Verdas største dokumentarfilmfestival, Hot Docs, går mot slutten i Toronto. I programmet finn ein berre éin norsk regissør i år: Håvard Bustnes har fått plass med Hatets vugge, som har vore på kino i Noreg i vår. Dokumentarfilmen er eit spennande innblikk hjå kvinnene som står i kjernen av det rasistiske, høgrepopulistiske partiet Gyllent Daggry i Hellas. At Bustnes er aleine som norsk filmskapar, er nytt. Dei to siste åra har Noreg stilt sterkt med ei mengd filmar og fått fleire gjæve prisar.
H.T.
Sjå på nett no
(YouTube) Hot Docs hyllar i år den legendariske dokumentarregissøren Barbara Kopple med eit eige program av høgdepunkt frå den rike karrieren hennar. Ho er kanskje mest kjend for debuten frå 1976, Harlan County, USA, som ho vann Oscar for. Historia om streikande gruvearbeidarar i Kentucky er framleis aktuell. Eit gjensyn med klassikaren passar godt helga etter 1. mai. Kampen held fram.
H.T.
Tre på topp
Godbitar frå programmet på Hot Docs i år:
1) Laila at the Bridge. Elizabeth og Gulistan Mirzaei. Laila er eit rivjern. Ho freistar få rusavhengige i Kabul friske. Då vi invaderte Afghanistan, skaut opiumproduksjonen i vêret, og landet har enorme rusproblem. Likevel har denne filmen humør og håp.
2) The Trial. Maria Augusta Ramos. 139 minutt med observerande film om riksretten mot Dilma Rousseff, utan forteljar eller intervju. Gu’ kor herleg!
3) Inventing Tomorrow. Laura Nix. Sjarmerande ungdomar frå Hawaii, Mexico, India og Indonesia gjev alt for å vinne på vitskapsmessa i Los Angeles med nye miljøløysingar.
H.T.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»