Regissør Werner Herzog.
Foto: Axel Schmidt / AP / NTB scanpix
Filmfjes
Werner Herzog, den mytebyggjande tyske regissøren, kjent for eit nihilistisk grunnsyn i filmar som Fitzcarraldo og Grizzly Man, vender seg mot TV-mediet. Herzog skal regissere Forlandia, ein komande serie om Henry Fords forsøk på å byggje eit samfunn i hjartet av Amazonas. Ikkje heilt ulik Fitzcarraldo, med andre ord. Den komande serien er ein adaptasjon av boka med same tittel frå 2009, som for første gong avdekte Fords ville idé.
S.Å.
Sjå på nett no
(hbonordic.com) I vinter tok eg opp att The Sopranos (1999–2007). Det har eg ikkje angra på, og no gjer eg meg klar for sjette og siste sesong av denne makelause serien (mellom VM-kampane, så klart). Kall meg attendeskodande, men å dykke inn i hovudet til Tony Soprano, mafiabossen som går til psykolog og har eit vanskeleg tilhøve til mora, er å bli mint på at den neste serien du berre må sjå, aldri når dei svimlande høgdene av Sopranos-stordom.
Tre på topp
Filmar der Steven Soderbergh ikkje har regi, men ei produsentrolle, som på Ocean’s 8.
1) Far from Heaven. Todd Haynes 2002. Denne Douglas Sirk-pastisjen er eit blendande vakkert melodrama med djupe kjensler og framifrå skodespel av Julianne More og to blad Dennis.
2) We Need to Talk About Kevin. Lynne Ramsay 2011. Ei typisk topp Tilda Swinton står i sentrum av denne djupt forstyrrande filmen med fantastisk fargebruk og totalt gyseleg mørker.
3) Citizenfour. Laura Poitras 2014. Oscarvinnaren om Edward Snowden er klassisk dokumentarfilm på sitt beste. Poitras har kameraet klart når historiske hendingar skjer.
H.T.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Filmfjes
Werner Herzog, den mytebyggjande tyske regissøren, kjent for eit nihilistisk grunnsyn i filmar som Fitzcarraldo og Grizzly Man, vender seg mot TV-mediet. Herzog skal regissere Forlandia, ein komande serie om Henry Fords forsøk på å byggje eit samfunn i hjartet av Amazonas. Ikkje heilt ulik Fitzcarraldo, med andre ord. Den komande serien er ein adaptasjon av boka med same tittel frå 2009, som for første gong avdekte Fords ville idé.
S.Å.
Sjå på nett no
(hbonordic.com) I vinter tok eg opp att The Sopranos (1999–2007). Det har eg ikkje angra på, og no gjer eg meg klar for sjette og siste sesong av denne makelause serien (mellom VM-kampane, så klart). Kall meg attendeskodande, men å dykke inn i hovudet til Tony Soprano, mafiabossen som går til psykolog og har eit vanskeleg tilhøve til mora, er å bli mint på at den neste serien du berre må sjå, aldri når dei svimlande høgdene av Sopranos-stordom.
Tre på topp
Filmar der Steven Soderbergh ikkje har regi, men ei produsentrolle, som på Ocean’s 8.
1) Far from Heaven. Todd Haynes 2002. Denne Douglas Sirk-pastisjen er eit blendande vakkert melodrama med djupe kjensler og framifrå skodespel av Julianne More og to blad Dennis.
2) We Need to Talk About Kevin. Lynne Ramsay 2011. Ei typisk topp Tilda Swinton står i sentrum av denne djupt forstyrrande filmen med fantastisk fargebruk og totalt gyseleg mørker.
3) Citizenfour. Laura Poitras 2014. Oscarvinnaren om Edward Snowden er klassisk dokumentarfilm på sitt beste. Poitras har kameraet klart når historiske hendingar skjer.
H.T.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.