Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Fyrst med å koma sist

Hillary kjem ikkje med noko nytt, men går djupt nok til at ein skjønar kvifor ho ikkje kunne lukkast til slutt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hillary Clinton fotografert i januar i år.

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTb scanpix

2426
20200424
2426
20200424

Dokumentar

Regi: Nanette Burstein

Hillary

Med: Hillary Rodham Clinton, stab, journalistar, vener og familie
Miniserie NRK

Kvar kom ho frå, og kva skjedde på vegen fram til eit valnederlag som vart historisk i den forstand at det var fyrste gong ei kvinne såg ut til å kunna verta president i USA?

Liketil

Av og til er det særs tilfredsstillande å sjå ein streit miniserie der ein har gjort strålande arkivleiting og interessant klipping. Sjølv om eg kjenner utkoma, er Hillary såpass snedig samansett at eg sit til siste slutt og nærast heiar på henne. Om du politisk sett står langt til høgre, vil du ha lite utbyte av å sjå denne dokumentaren, for han er verkeleg i hennar favør. Og lite er meir irriterande for motstandarar enn å sjå balanserte, grundige framstillingar med truverdige kjelder og tidsvitne som dannar eit samansett bilete av, i dette tilfellet, eit levande symbol på både reell kvinnekamp og venstreorienterte verdiar. Sett med mine norske auge vert ikkje dei opplagde kapitalistiske sidene hennar framheva nok, og dei opplagde angrepa hennar på kjæledeggesosialisten Bernie Sanders verkar noko umotivert, som eit personangrep meir enn sakleg usemje. Men så er filmen amerikansk, så berre det å vera demokrat vert sett på som venstrevridd der i huset.

Ettermælet

Kva vil Hillary Rodham Clinton verta hugsa for? Sjølv om Hillary som sagt talar til hennar fordel, så peikar han også på veikskapane hennar. Som ho sjølv seier, er ho nok ei betre embetskvinne enn ein karismatisk politikar. I det spelet som er amerikansk politikk, kjem ein ikkje langt med å freista forklara kvifor utdanning ikkje over natta kan verta gratis, når det ein burde sagt, var «gratis utdanning – no!», slik til dømes Sanders gjorde. Såleis er dokumentaren også ei god innføring i kva som skjer i kulissane. Og kven eit menneske er, før det trer inn i på den politiske scena. Tjukke brilleinnfatningar, midtskil og jentenamnet vik plassen for fikse buksedressar, sminke og å vera kona til mannen. Og kor mykje har eigentleg endra seg i dag med tanke på kva som vert forventa av ei kvinne? Som samfunnshistorisk tilbakeblikk er Hillary sørgeleg dagsaktuell, eg berre kryssar fingrane for at det snart verkar foreldra.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Weronika Murek er dramatikar og forfattar og fekk Witold Gombrowics’ debutantpris i 2015.

Foto: Anna Rezulak

BokMeldingar

Presisjon ved surrealisme

Weronika Murek er krevjande i formspråket, men orkar ein å strekke seg litt, kan ein fort oppdage at ein har vakse ein litterær halvmeter.

Ingvild Bræin

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis