Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Gitar, bass, trommer

Hvitmalt Gjerde er ute med album nummer tre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johannes Fjeldstad, Håvard Bakke og Sturla Kverneng er gruppa Hvitmalt Gjerde.

2761
20170317
2761
20170317

Rock

Hvitmalt Gjerde:

Våken

Tik/Playground

Våken, den nye plata frå Hvitmalt Gjerde, ber med seg ei veritabel friskmelding: Den kontante rockelåten er ved god helse, om nokon der ute skulle tvile. Albumet byr på eit dusin av slaget, nesten alle på rundt tre minutt, alle struttande av energi.

Det har gått overraskande lang tid sidan Hvitmalt Gjerde (2013) og Ville Venner (2014) kom ut, i ein musikkultur der det ofte kan verke viktig å smi medan jarnet er varmt. Kva har skjedd i mellomtida? Eit svar er i alle fall klart med Våken: Vokalist og gitarist Johannes Fjeldstad, bassist Håvard Bakke og trommis Sturla Kverneng har vorte betre musikarar. Dette tredje albumet er vitalt og rett på, men bandet er også tettare og meir velspelt enn nokon gong før.

Rockekraft

Eg tok med meg Våken på tur til heimtraktene. Der gjekk eg gatelangs i ei lita sunnmørsbygd, og musikken eg hadde på øyra, var ikkje ulik den eg lytta til då eg traska rundt der som tenåring, for tre tiår sidan. Rockens særeigne kraft heng saman med ei basal samansetjing av element: gitar, bass, trommer. Uttrykket er tilsynelatande enkelt, med vers og refreng, med tette komp og rivande riff. Og likevel er ikkje musikk som kjemi: Formelen åleine garanterer ingenting.

Eg rundar eit hjørne med Hvitmalt Gjerde i øyra, og tankane mine går til The Strokes i 2001, då bandmedlemmene var tidleg i tjueåra og hadde spelt saman sidan dei møttest som skuleungdomar. Den metalliske vokalen til Johannes Fjeldstad har forgreiningar tilbake i rockehistoria, forbi New York tidleg på 2000-talet tilbake til same by seint på 1960-talet, då ein Lou Reed i midten av tjueåra song på platene til Velvet Underground. Det finst fleire slike årer, og ein kunne jo ha lista dei opp, om det var plass.

Frigjerande

Dette vil likevel ikkje seie at Våken er eit «retroalbum». Slike omgrep vert så slappe og unyttige i møte med songar som «Våken nå» og «Spøkelse». Av alle musikksjangrane er det rocken som oftast vert møtt med skuldingar om nostalgi, truleg fordi han vart fødd på antinostalgiske premissar. Men den gode rocken har alltid eit frigjerande potensial. Det vil alltid vere ei kraft som treng å verte forløyst slik, i løpet av tre minutt med eit band som Hvitmalt Gjerde.

På veg inn i bussen på terminalen på Moa, klar for det siste strekket heimover, overhøyrde eg ein samtale mellom to unge gutar i trappa. Dei bar på instrumentkasser. «Du må høyre meir på dei», sa den eine til den andre om eit band han lytta til: «Det er vanskeleg å høyre bassen, men vi kan få til å spele like bra som dei, altså, heilt sikkert.» Stå på! Hvitmalt Gjerde fekk det til.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis