Film I Håkon Tveit

Hjartevarme

Det finst mykje god film frå Iran, men få er så sjarmerande som En liten bit av kaken.

Lili Farhadpour og Esmael Mehrabi spelar dei to som finn kjærleiken i vaksen alder.
Publisert Sist oppdatert

Det er fleire tiår sidan syttiåringen Mahin (Farhadpour) mista mannen, og dottera flytta til Europa. Venninnene tjatrar om menn. Ein dag finn Mahin ut at det er på tide å leite etter ein ny kar. Det er lettare sagt enn gjort i Teheran. Det kryr ikkje av tilgjengelege menn, og teokratiet legg ikkje nett til rette for fri flørting i gatene. Kanskje ein singel drosjesjåfør kan vera noko?

Store småting

En liten bit av kaken er ein film med små fakter og stort hjarte. Først følger vi Mahin på det forsiktige, men modige toktet hennar. Korkje brødkø eller parkar er enkle jaktmarker, men etter kvart blir det stemnemøte i heimen. Kavaleren Faramarz (Mehrabi) er ein mild mann. Dei to er vane med å vere usynlege. Båe er audmjuke. Dei deler historier og erfaringar. Søte gestar gjev lun stemning.

Mang ein replikk ber mørke, med erfaringar frå krigen mot Irak, det grufulle Evin-fengselet, sakn og mykje anna. Ei dramatisk scene med moralpolitiet tidleg i filmen sender tankane til Mahsa Amini. Det meste skjer likevel i tryggare rammer, i den grad noko er trygt i eit land der overvakinga er massiv og naboar er nyfikne.

Det er mykje som ikkje er lov no. Mahin minnest ungdommen, då kvinner gjekk kledd i kva dei ville. Nostalgi kan vere ei sår sak. Likevel finn eg så mykje lys og varme i filmen. Det hjelper med ein slurk forboden, heimebrygga vin og litt musikk. Ei dansescene er utruleg rørande.

Kjærleik

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement