Jag rear ut min själ!
Gabriela Pichler og sjarmerande amatørar skildrar svensk samtid med kjekk, kvass og varm satire.
Veninnene Aida (Aldoujaili) og Dana (Aliadotter) vert spelte av amatørskodespelarar.
Foto: Tobias Henriksson
DRAMA / KOMEDIE
Regi: Gabriela Pichler
Amatører (Orig.tittel: Amatörer)
Med: Zahraa Aldoujaili, Yara Aliadotter, Fredrik Dahl
Musse (Dahl) arbeider i den fiktive kommunen Lafors i Västra Götaland, som ein gong var eit livleg lite samfunn med skinn- og tekstilindustri. No har dei fleste industrijobbane blitt skipa ut til land med låg løn. Difor er entusiasmen stor når den tyske lågpriskjeda Superbilly vurderer å starte opp i Lafors og sikre hundrevis av arbeidsplassar. Fram mot ei vitjing frå Tyskland vil kommunen laga ein film som sel staden som idyll. Venninnene Aida (Aldoujaili) og Dana (Aliadotter) gyv laus på sin eigen geriljaversjon væpna med moped og mobilkamera.
Folk flest
Gabriela Pichler debuterte med bravur med Spise sove dø og har ikkje mista det skarpe blikket og den kompromisslause stilen. Ho brukar amatørar i Amatører som sist. Byråkraten Fredrik Dahl spelar byråkraten Musse. Elles er rollelista fylt av folk flest. Det fungerer flott. I tillegg til å skape realistiske rammer og vere ein presis kommentar til samtida er filmen rik på perspektiv om historieforteljing og filmform. Kven skal skildre livet i Lafors? Ein snobb frå Stockholm? Og skal ein tilpasse forteljinga til det ein trur er tyske forventingar?
Regissøren har skrive manus i lag med den suksessrike forfattaren Jonas Hassen Khemiri. Det er fullt av smarte detaljar med nydelege nyansar. At det meste er filma med mobiltelefonar, gjer ikkje filmen til ei visuell nyting, men estetikken er effektiv.
Store kjensler
Geriljastilen blir stundom broten av stemningsskapande musikk som løftar fram kjensler. Det er lett å kjenne kjærleik til dei tre sentrale figurane. Dei verkar ekte, og dei utfyller kvarandre. Alle tre har humor, sjarm og kvar sine kvalar. Når det personlege som vanleg blir politisk og omvendt, aukar dramaet. Eg grein.
Dokumentariske innslag med arkivfoto og intervju med innbyggarar som har reelle frustrasjonar og forståing for økonomiske tendensar som tærer småstaden sund, gjev djupne og breidde. Dei store svenske spørsmåla i vår tid får ei grundig og kjenslefylt handsaming som ikkje følgjer noko partiprogram. Kva plass innvandrarar har på små stadar i Sverige, kjem tydeleg fram, utan at ei einaste scene minner om ein debatt mellom Sverigedemokraterna og Vänsterpartiet. Klasseskilje finst blant dei som kjem frå Midtausten og Romania òg.
Alt skal bort
Ei rekke av temaa i valkampen hjå dei skandinaviske søskena våre gjennomsyrer Amatører. Dei har skipa ut arbeidsplassar. Fagforeiningar er svekte. Kommunen skal skape seg om til ei merkevare for å trekkje til seg kapital. Då held det ikkje at dei første treffa på nett er fyllebilete frå den populære, årlege westernhelga deira. Identitet og økonomi heng saman og knivast. Pichler har noko av den same teften for tidsriktig tematikk som Ruben Östlund. Ho har ei herleg stemme som filmskapar. Vonleg ser flest mogeleg Amatører før valet i helga. Eg ville stemt på Gabriela Pichler.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ei rekke av temaa i valkampen gjennomsyrer Amatører.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.