Osama Bin Laden hadde eit lyrisk sinn.
Foto: Mazhar Ali Khan / AP / NTB scanpix
Jihadistpoesi
Litteraturhuset i Oslo har sleppt vårprogrammet. Dei fortel at dei mellom anna får besøk av Rachel Cusk i januar, som blir rekna som ein av Englands største forfattarar. I februar kjem den kjende forskaren på arabisk kultur, Elisabeth Kendall, og talar om poesi og heilag krig. Det få veit, er nemleg det at poesi står høgt hjå jihadistar. Osama bin Laden skreiv dikt. Leiaren av Al Qaida, Ayman al-Zawahiri, gjer det same, medan leiaren av IS, Abu Bakr al-Baghdadi, har ein doktorgrad i poesi.
På veg til Frankrike
Oktober forlag melder at Merethe Lindstrøms romanar Dager i stillhetens historie og Nord er selde til Frankrike. Bøkene skal koma ut på Editions Cambourakis. Lindstrøm vart tildelt Kritikarprisen og Nordisk råds litteraturpris for gjennombrotsromanen Dager i stillhetens historie. Boka er seld for omsetjing til 15 land. Rettane til Lindstrøms nye roman, Nord, vart seld til Sverige og Danmark alt før utgjevinga her heime.
Markies De Sade
I femtiåra vart Marki de Sades kjende verk 120 dagar i Sodom erklært forboden av franske styremakter. Skitne greier, var domen, som franskmenn bør skånast for. Men pipa har fått ein annan låt i dag. Manuskriptet har hamna på auksjon. «Nasjonal kunstskatt», seier den franske staten i dag. Styremaktene er difor på jakt etter ein pengesterk fransk kjøpar som vil syrgje for at verket blir verande på fransk jord.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jihadistpoesi
Litteraturhuset i Oslo har sleppt vårprogrammet. Dei fortel at dei mellom anna får besøk av Rachel Cusk i januar, som blir rekna som ein av Englands største forfattarar. I februar kjem den kjende forskaren på arabisk kultur, Elisabeth Kendall, og talar om poesi og heilag krig. Det få veit, er nemleg det at poesi står høgt hjå jihadistar. Osama bin Laden skreiv dikt. Leiaren av Al Qaida, Ayman al-Zawahiri, gjer det same, medan leiaren av IS, Abu Bakr al-Baghdadi, har ein doktorgrad i poesi.
På veg til Frankrike
Oktober forlag melder at Merethe Lindstrøms romanar Dager i stillhetens historie og Nord er selde til Frankrike. Bøkene skal koma ut på Editions Cambourakis. Lindstrøm vart tildelt Kritikarprisen og Nordisk råds litteraturpris for gjennombrotsromanen Dager i stillhetens historie. Boka er seld for omsetjing til 15 land. Rettane til Lindstrøms nye roman, Nord, vart seld til Sverige og Danmark alt før utgjevinga her heime.
Markies De Sade
I femtiåra vart Marki de Sades kjende verk 120 dagar i Sodom erklært forboden av franske styremakter. Skitne greier, var domen, som franskmenn bør skånast for. Men pipa har fått ein annan låt i dag. Manuskriptet har hamna på auksjon. «Nasjonal kunstskatt», seier den franske staten i dag. Styremaktene er difor på jakt etter ein pengesterk fransk kjøpar som vil syrgje for at verket blir verande på fransk jord.
ronny@dagogtid.no
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.