Kast deg uti
Dikta til Hånes er ikkje heilt språkleg forløyste.
Øivind Hånes har gjeve ut si andre diktsamling.
Foto: Knut Bry
DIKT
Øivind Hånes:
Tanken på det pelagiske
Gyldendal 2017
Pelagisk vert nytta som nemning for organismar som lever i dei frie vassmassane i hav eller innsjøar. Øivind Hånes, som mellom anna vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Pirolene i Benidorm (2005), presenterer i årets diktbok lesaren for to teksttypar som vekslar gjennom diktboka.
Den eine typen tekst er skriven i prosalyrisk form, og han tek – punktvis og i delar – for seg kroppen. Gjennom å trekkje ei line mellom dei anatomiske punktnedslaga skildrar Hånes ein kropp og eit møte, kanskje også ei åtskiljing, mellom to menneske.
Den andre teksttypen er sett opp som dikt, og tek utgangspunkt i ein person som slepper seg ut i vatnet. I selskap med ein sardinstim vert han ført ikring i det store verdsoseanet, frå dei øvste sjikta nedover til dei mørkaste havdjupa.
Pust, puls og rytme
Sidan tekstane skiftar på å zoome inn på ulike kroppsdelar og zoome ut i havet, får komposisjonen pust, puls og rytme. Kontrapunktisk brukar poeten prosalyrikken til å skildre punktet, og diktet til å skildre dei store linene. At det analytiske blikket ein finn i dei prosaliknande tekstane, vert konfrontert med eit meir holistisk, heilskapleg blikk i dikttekstane, kan lesast som ein kritikk av eit vitskapleg detaljerande blikk som til dømes er blindt for dei større klimasamanhengane.
Diktboka til Hånes er ikkje eksplisitt økopoetisk, anna enn at ein no for tida automatisk tenkjer mikroplastikk og forureining når sjøen vert nemnd. Når ein les boktittelen, handlar jo Tanken på det pelagiske om ein tenkjemåte, og ein tenkjemåte kan få ein til å handle; i det minste skapar ein tenkjemåte nye moglegheiter.
Vanskeleg å gripe
Rasjonelt kan det vere vanskeleg å gripe kva Hånes ønskjer å setje fingeren på i tekstane sine, eg saknar eit brennpunkt. Men ein bør hugse at det ligg nærmast eit imperativ her om berre å gi seg hen, til kunsten, musikken, språket. Og jøsses, det finst vene passasjar her, og ein må kanskje våge å tenkje utanfor teksten, at musikken er ei oppløysing av det formålsretta. Djupast sett handlar han om seg sjølv, om noko anna enn det menneskelege.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast lyrikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Rasjonelt kan det vere vanskeleg å gripe kva Hånes ønskjer å setje fingeren på.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.