Herborg Kråkevik spelar Kristin Lavransdatter på Den Nationale Scene i Bergen.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Kråkevik som Lavransdatter
I februar neste år er det premiere på musikalen «Kristin Lavransdatter» på Den Nationale Scene i Bergen. Hovudrolla har ein av dei meste kjende artistane våre, Herborg Kråkevik. Det er tale om ei storsatsing, for det blir ein av dei største framsyningane til Den Nationale Scene nokosinne, med 33 skodespelarar og elleve musikarar i orkestergrava. Hans Marius Hoff Mittet spelar husbonden åt Kristin, Erlend. Stykket er basert på ein av dei meste kjende bokseriane i norsk litteratur: Romantriologien til Sigrid Undset. Regissør er Svein Sturla Hungnes. Brit Bildøen har gjeve tilskot til arbeidet med songtekstar, medan musikken er komponert av Julian Berntzen.
beste krimbøker
The New York Times har laga ei liste over dei beste krimbøkene i 2017. Her finn vi kjende namn for dei som er inne i sjangeren: The Force av Don Winslow, Fierce Kingdom av Gin Phillips og Two Kinds of Thruth av Harry Bosch. Men detektivromanen som blir nemnd fyrst, er The Thirst av Jo Nesbø. Tittelen er kort og greitt Tørst på norsk.
14 millionar til folkebiblioteka
Nasjonalbiblioteket tildeler 14 millionar kroner til arenautvikling i norske folkebibliotek i 2018. Til saman 142 ulike tiltak frå alle delar av landet har fått stønad.
«Gjennom Nasjonal bibliotekstrategi vil vi satse på å utvikle folkebiblioteka som møteplassar, kulturinstitusjonar og arenaer for samtale og debatt, læring og demokrati. Det er imponerande å sjå alt ein har fått til av arenautvikling i folkebibliotek over heile landet. Vi ser allereie fantastiske resultat i form av rekordbesøk og eit høgt aktivitetsnivå», er kommentaren frå kulturminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding frå Nasjonalbiblioteket.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.