Kunst landet rundt
«Kvinne. 1970-tallets feministiske avantgarde»
Stavanger kunstmuseum MUST
15. juni–14. oktober
Utstillinga tek føre seg ei av dei viktigaste kunstnrørslene frå syttitalet. I desse åra kom feministiske problemstillingar for alvor inn i kunsten og skapte alternative bilete av kvinna. Utstillinga er delt i tema: å bryte ut av eindimensjonale kvinneroller, iscenesetjing av seg sjølv, den vakre kroppen, kvinneleg seksualitet, og til sist «sperret inne – bryter ut».
Verka er lånte inn frå Sammlung Verbund i Wien.
«Odd Nerdrum – komplett»
Drammen Kunstforening
13. juni–23. september
For første gong vert all grafikk av målaren og grafikaren Odd Nerdrum vist samstundes. Utstillinga tel til saman 77 litografi frå perioden 1962–2014. Mellom anna er eitt av romma fylt med sjølvportrett. Verka er lånte frå samlarane Trond og Kari Olsen.
«Between the Lines»
Kvinnemuseet
2. juni–31. august
«Between the Lines» viser visuelle reaksjonar på metoo-kampanjen i form av grafikk. Verka er laga for utstillinga, alle trykte i éin av fire fargar og i same format. Her heng verk frå kunststudentar side om side med internasjonalt kjende kunstarar som Anne Katrine Dolven, Eline Mugaas, Jeanette Christensen og danske Henrik Plenge Jakobsen. Verka er tidlegare vist på Kunsthøgskolen i Oslo.
Terje Risberg: «Naturlige refleksjoner»
Norsk Skogmuseum, Elverum
4. august–28. oktober
Djuptrykk av grafikaren Terje Risberg. Risberg har fordjupa seg i å formidle intense, nærast mystiske landskap. Motiva er gjerne tette utsnitt av storslegne og bratte fjellparti, innhylla i mjuk skodde.
Inger Johanne Rasmussen: «Gjenfortellinger»
Blaafarveværket, Åmot
12. mai–7. oktober
Inger Johanne Rasmussen stiller ut målariske og fargesterke biletteppe i digre format i låvebygningen. Motiva spenner frå plantemønster til geometriske former. Teppa formidlar personlege minne som er tolka i lys av norsk kulturarv. Vi kjenner mellom anna att mønster frå folketradisjonen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.